21/6-19: Fyrste byggetrinn på plass?

Det landsomfattande prosjektet «Munnleg historie for alle»  kjem til å få to millionar kroner årleg i tre år frå Sparebankstiftelsen DnB. Pengane skal brukast til å gjennomføra kurs, opplæring og annan kompetanseutvikling om munnleg historie. Hovudansvarleg for gjennomføringa blir Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, som har sin base i Bergen. Fagleg blir arbeidet forankra i Norsk Folkeminnesamling (NFS) ved Universitetet i Oslo. I tillegg blir Norsk etnologisk gransking (NEG) ved Folkemuseet på Bygdøy,  både teknisk og fagleg samarbeidspartnar.
Frå «forprosjektet» i 2018, på kaia i Hammerfest.  Audun Kjus frå NEG, Bjørn Enes frå Memoar og Line Esborg frå NFS.

Munnleg historie er systematisk innsamling, dokumentering, arkivering og formidling av munnleg primærkjeldemateriale til både kultur-, sosial- og allmenn historie. Det er eit felt som er svært godt eigna for samarbeid mellom institusjonar og frivillige, og det er fremjing av slikt samarbeid som er hovudformålet med prosjektet.  

Historielag og andre frivillige organisasjonar som vil samarbeida med musé, arkiv eller andre kulturinstitusjonar om munnleg historie, kan nå få så godt som gratis hjelp til å koma i gang.  Det vil bli bygd opp eit ressurssenter i Bergen som får heile landet som arbeidsfelt. Leiar der blir Line Førre Grønstad, som er kulturvitar med bakgrunn frå Norsk etnologisk gransking og UiB. (Ho er i  innspurten av sitt doktorgradsarbeid, og fram til ho har disputert vil Bjørn Enes, leiar av Memoar, vikariere for henne som prosjektleiar). Ein styringskomite vil ha den overordna leiinga – og leiar der vil vera Line Esborg som er fagansvarleg for Norsk Folkeminnesamling. Prosjektstart blir 1. august 2019.

Memoar er med i arbeid for eit Senter for munnleg historie, saman med ei rekke andre interessentar i Vestland fylke. Dersom det arbeidet før fram, er intensjonen at «Munnleg historie for alle» skal gå inn som ein del – kan hende eit «fyrste byggetrinn» –  i eit slikt senter.
Memoar er også med i utviklinga av i ei satsing på munnleg historie  i regi av Landslaget for lokalhistorie. Også dette vil kunne samordnast med prosjektet  «munnleg historie for alle».
Heile prosjektskildringa er publisert på nettadressa www.memoar.no/folkeminnet. Der vil også oppdatert informasjon bli publisert gjennom prosjektperioden.

21/6-19: Bjørn Enes 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.