Munnleg historie for alle (www.muntlighistorie.no)

Nå kan historielag og andre frivillige organisasjonar, musé, bibliotek, arkiv og skular få hjelp til å starte arbeid med munnleg historie:

  • Kurs om intervju og intervjuinnsamlingar
  • Praktisk samarbeid om intervjuopptak og dokumentasjon/etterarbeid
  • Infrastruktur for arkivering av video- og lydopptak, redigering, dokumentasjon, langtids-arkivering og avlevering til Folkeminnesamlinga / Norsk etnologisk gransking / lokalt musé.
  • Samarbeid om formidling av munnleg kulturarv og utvikling av munnleg historie som fagfelt.

Prosjekt Munnleg historie for alle (MHA) er eit samarbeid mellom Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og Sparebankstiftelsen DnB. Takka vere sistnevnte, er vi i stand til å hjelpa utan tyngande kostnader for samarbeidspartnarar

Vi vil prioritera rask framdrift, og ynskjer at interesserte historielag, andre friville organisasjonar, abm-institusjonar, skular eller andre utdanningsinstitusjonar tar kontakt tidleg. Adressa til prosjektnettsida er: mha.memoar.no. Der finns både prosjektskildringa og siste nytt om framdrifta.

Du kan fylgja utviklinga i bloggen: (Memoar.blog) eller på prosjektweben (mha.memoar.no)

Kontaktadresser:  post@memoar.no – eller direkte til stabsmedlemmene:

              Line Grønstad: line@memoar.no

              Bjørn Enes: bjorn@memoar.no

Leiar av Memoar, Bjørn Enes, tar også imot telefonar på nr. 41516745.

(Bildet: Line Esborg intervjuar Lillian Heitmann i Alta i september 2018. Foto: Audun Kjus)

Munnleg historie er systematisk innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av minner og refleksjonar om levde liv. Alle er primærkjelder til den tida me lever og har levd. Enten me tenkjer på kvardagslivet eller på store historiske prosessar, så er forteljingane våre immateriell kulturarv.

Noreg har lange tradisjonar i dette arbeidet. Folkeminnesamlinga vart etablert i 1913, innsamlingane starta midt i århundret før av kjente folk som Asbjørnsen og Moe, Ivar Aasen og andre. Dei måtte skriva ned forteljingane. I dag er det praktisk og økonomisk mogleg å ta vare på originalmaterialet.

Visjonen i dette prosjektet er at vi som lever nå skal bli den fyrste generasjonen som legg att etter oss store samlingar av vanlege folk sine livshistorier. Alle har ei forteljing å dela! 

1.august 2019 – Bjørn Enes

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.