Jobb med oss!

Prosjektengasjement  (stillingsutslysing juli 2019 – Tilsetjingsprosessen vart avslutta 12/9-2019)

Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, har fått hovudansvaret for prosjektet «Munnleg historie for alle» som skal utvikla eit ressurssenter for frivillige organisasjonar, skular, musé, bibliotek og  arkiv som vil starta samarbeid om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie (oral history) i Noreg. Prosjektet får base i Bergen, med heile landet som arbeidsområde. Fagleg vert det forankra i Norsk Folkeminnesamling, det skal også samarbeida nært med Norsk etnologisk gransking.

Prosjektmedarbeidar:

I fyrste omgang skal prosjektet tilsetja to prosjektmedarbeidarar i 50 % engasjement (eventuelt ein medarbeidar i 100%). Engasjementsperioden blir fram til månadskiftet mars/april 2020, med moglegheit for oppfylgjingsengasjement i 2020 og 2021. Arbeidsoppgåvene i haust blir å «selja inn» og gjennomføra kurs og lokale intervjuinnsamlingar i samarbeid med historielag, andre frivillige organisasjonar og musé/bibliotek/arkiv i heile landet og å kvalitetssikra og lage læremateriell om metodikk for dokumentasjon og formidling av munnlege videointervju.

Kvalifikasjonskrav:Me er på jakt etter medarbeidarar med interesse og engasjement for det mangfaldet av kunnskap, erfaring og refleksjon som kjem frå levd liv – om alt frå kvardagsliv til store historiske omveltingar. Arbeidet vil likna på journalistikk, historisk kjeldeinnsamling, folkloristikk og immaterielt kulturvern. Ambisjonen er å attreisa eit fagmiljø i Noreg med tradisjonar heilt tilbake til folkeminnesamlarane på 1800-talet. Me treng gründerar, nyskaparar, visjonære – folk som gjerne vil vera med på oppdagarekspedisjon i si eiga samtid. Du må lika å vera på reise, og ha praktisk moglegheit for mange døgn på farten. Og du må lika å høyra på alle slags folk!Ta kontakt snarast råd – og aller seinast innan 15. august. Dei som blir engasjert vil bli trekt inn i arbeidet så snart dei har tid til det. Løn etter avtale. 

Spørsmål: Kontakt prosjektleiar Line Førre Grønstad, line.gronstad@memoar.no / tlf. 97612783 eller leiar av Memoar, Bjørn Enes, bjorn.enes@memoar.no /tlf 41516745

Send søknad til: post@memoar.no – Skriv «Søknad» i emnefeltet. 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.