Kurs og praktisk arbeid med minnesamling på Stord 29.-31. august

Munnleg historie er systematisk innsamling, arkivering og formidling av munnlege kjelder og munnleg kulturarv.  Sunnhordland Museum og Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie – samarbeider om eit kurs og to dagar med intervjuopptak i slutten av august 2019. 

Alle interesserte er velkomne til å delta.  Kursdagen blir fredag 30. august, kl. 10 – 17.  Så sant dei som skal intervjuast seier ja til det, kan kursdeltakarane også vera med på intervjuopptak torsdag 29. og laurdag 31. august. 

Målgruppene for arrangementet er fyrst og fremst tilsette ved museet og aktive medlemmer av Stord sogelag, Bømlo tur- og sogelag, Etne sogelag, Kvinnherad sogelag og Tysnes sogelag.  Men også andre – profesjonelle eller frivillige – som ynskjer å læra litt og utveksla erfaringar om arbeid med munnlege kjelder, er velkomne. 

Les meir på Sunnhordland.memoar.no !

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.