Markeringa av oppstarten i prosjektet «Munnleg historie for alle» (mha.memoar.no) er lagt til Nesbyen i Hallingdal, tirsdag 27. august 2019. Det er omlag midtvegs langs Bergensbanen, og dermed svært sentralt for styringskomiteen i prosjektet som har to medlemmer frå Oslo, to frå Bergen – og eit frå Nes.
Gjennom tre år skal dette prosjektet arbeide for å auka aktivitetane rundt innsamling, bevaring og formidling av munnleg historie i Noreg. Etter at styringskomiteen har gjort sine fyrste vedtak, inviterar vi ressurspersonar frå historielag, musé og ei rekke andre organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar til diskusjon om korleis dette kan gjerast i Hallingdal.
Me er ganske sikre på at det vil gi verdfulle innspel – som me kan bringa vidare som idear til andre rundt i landet.

Program:
Heile programmet foregår på Hallingdal Museum, Nesbyen:
Kl. 12:00: Fyrste møte i Styringskomiteen for prosjekt Munnleg historie for alle. (Internt)
Kl. 13:30: Ope arrangement med publikum og presse: Idéstorm om munnleg historie i Hallingdal.
Tanken er å bringa saman nokre av dei mange og svært aktive organisasjonane, institusjonane og ikkje minst einskildpersonane som gjer Hallingdal til eit spennande kulturområde. Korleis kan eit fokus på munnleg historie gjera dette arbeidet endå meir spennande og verdfullt? Ideen vår eg å gjennomføra det som ein panelsamtale, leia av Bjørn Enes frå Memoar. Dei andre deltakarane blir inivterte i desse dagar, og informasjon om kven det blir kjem så snart det er klart. ·
Nokre aktuelle tema for samtalen:
Kva kjenneteiknar Nes og Hallingdal sin munnlege kultur i dag? Har me døme på pågåande prosessar som det er viktig å dokumentera (f.eks «Kjerringtorget»)? Kva slag immaterielle spor sette den kunstnariske blomstringa under nasjonalromantikken? Finst det framleis minne frå «førindustrielle liv» i dalen (Seterdrift)? Historielaget og andre har alt gjort eit stort innsamlingsarbeid – korleis kan det sikrast for all framtid? Er det mogleg å engasjera ungdomslag og skular i innsamling, dokumentasjon og/eller formidling av Hallingdals munnlege historie?
Idestormen er open for presse og alle interesserte. Arrangementet blir filma og seinare publisert på prosjektnettsida Hallingdal.memoar.no
Det er ein ambisjon å setja ned ei prosjektgruppe i siste del av møtet, på tre til fem personar som vil arbeida vidare for å utvikla eit felles munnleg historieprosjekt i Hallingdal.
Arrangementet varer til kl 15:30. Påmelding er ikkje naudsynt, men ta gjerne kontakt med Anne Marie Kollhus – huldra@outlook.com eller Bjørn Enes – bjorn@memoar.no. Eller start gjerne idéstormen alt her i bloggen!