Onsdag 27. august 2019 sto leiar av Nes Historielag, Leif Olav Klype, i smia på Hallingdal Museum og fyrte opp eisa. “Ska du smi, må jarnet bli varmt! Er det ikkje det me skal i ettermiddag og?” Sa han.

Han hinta om idéstormen seinare same dag. For det var slik me hadde lagt opp den offisielle starten av prosjekt Munnleg historie for alle: Ingen festtalar, ingen kanapear – ikkje fyrverkeri. Rett på sak.
Fyrst aller fyrste styremøte. Line Esborg fra Folkeminnesamlinga (NFS) kom austanfrå saman med Audun Kjus frå Norsk etnologisk gransking (NEG). Prosjektleiar Line Førre Grønstad og Memoarleiar Bjørn Enes kom vestanfrå. Og på stasjonen i Nesbyen stod Anne Marie Kollhus og tok imot.
Styret unnte seg sjølv ein knapp time til dei viktigaste oppstartvedtaka: Tilsetjing av stab, organisering av fagleg forankring i Folkeminnesamlinga og praktisk samarbeid med NEG, framdriftsplan – og dato for neste møte.
Så bretta me opp armane og gjekk i gang med å fyra opp idé-eisa, saman med Leif Olav og to andre nøkkelpersonar i Historielaget, Marit Mehlum og eit par andre frå Museet, Olav Oleivsgard frå Ål Bygdearkiv og Torill Thømt frå Kunstlandskap Nesbyen.
Munnleg kulturarv i Hallingal
«Det er som ein bråstopp etter 1960», sa Oleivsgard. Då kom fargefilmen for alvor. Den gav flotte bilete når dei var nye. Men når dei er blitt arkiveringsmodne, er dei i beste fall nokre brune uklare refleksar av opprinneleg prakt. Og etter kvart som kassettspelarane blei vanlege, ser det ut til at folk slutta å samla intervjuopptak – i staden for nytta ut at det var blitt mykje enklare og billegare. Nyare tid er eit svært hól i bygdearkivet sa han. Det same kunne Torstein Hanserud rapportera, frå historielaget sitt digitalarkiv.
«Alle desse gjenstandane!» Sa Marit Mehlum. Museet har førti tusen gjenstandar i magasinet! Veldig mange av dei kan ingen lenger forklara. Det hastar å samla inn alle dei kunnskapane som blir borte med dei gamle!
Fyrste start i 2018:
Hovudgrunnen til at prosjektstart vart lagt til Nesbyen var eit vellukka arrangement der hausten 2018. Då hadde eit anna prosjekt – “Krafttak for munnleg historie” ein dags kurs og ein dags intervjuopptak der. Stemninga var så god og ideane så mange, at det gav meirsmak. Og når styret er 40% Bergensk og 40% frå Oslo, og ein gjerne vil fylgja Sparebankstiftelsens oppmoding om å sleppa ut lite CO2 – då er det lett å sjå at dei siste 20% av styret bur ganske omtrent midtvegs på Bergensbanen. Nesbyen er faktisk veldig sentralt!
Det kom entusiasme ut av Krafttaket i fjor. Det vart kjøpt inn nokre kamera. Men det losna ikkje. Det må meir til for å få janmnt innsamlingsarbeid i gang. Så tema for idéstormen – eller -eisa, om me skal halda oss til smiebiletet – var klar: Korleis skal me få til eit samarbeid som monnar?
Ein mal for heile landet!
I dei tre næraste åra skal prosjekt Munnleg historie for alle starta opp ei lang rekke delprosjekt over heile landet. Alt same veka som oppstarten går turen til Sunnhordland, fyrste veka i september startar eit nytt bydelsprosjekt i Bergen og knappe to veker etter det startar eit nytt prosjekt i Innlandet. Alle kjem til å streva med det same spørsmålet: Korleis skal me gjera det?
Derfor handla diskusjonen i Nesbyen om mykje meir enn munnleg kultur i Hallingdal. Planen som skal bli til der, vert ein mal for alle nye delprosjekt i heile landet.
Me treng litt tid – nokre epostar og telefonar fram og tilbake – før me kan legga fram Hallingdalsplanen – eller “Hallingsplanen” som han straks var omdøypt til. Men han kjem – fyrst på Hallingdal.memoar.no – seinare i forslags form til alle nye initiativ.
Kjernetroppen
Avgjerande for framdrifta blir kor snart medarbeidar 2 kan vera på plass. Sytten gode søknadar hadde kome innan fristen. Det var svært vanskeleg å gjera valet! Og det vart ikkje gjort noko endeleg vedtak i Nesbyen heller: Lista vart redusert til to, som no er inviterte til å laga kvar sin arbeidsprøve før det endelege valet blir gjort. Omlag 10. september blir valet presentert.
(«Otto-figurane» etter Otto Skaret (1935-2012) er eit av særprega med Nesbyen. Her – tømmerkøyraren Oskar Skaret)
Så det blir halv maskin enno nokre dagar – men desto meir fres etterpå! Kommunikasjon med historielag og musé som ynskjer å dra i gang kurs og innsamlingsprosjekt dei næraste tre åra blir ein toppsak framover – ta kontakt med post@memoar.no!