17/9-19: Skisse til ein vidare strategi

Senter for munnleg historie:

Ein fantastisk og ein nedslåande ting har hendt i løpet av sommarmånadane 2019:

(«Tenketanken» i i utviklingsprosjektet «Senter for munnleg historie» startar opp prosessen etter ein sommar der det har skjedd uvanleg mykje på feltet. Foto: Rachel Seidman)
  • Fantastisk: Sparebankstiftelsen DnB tildelte prosjektet «Munnleg historie for alle» (MHA) i alt seks millioner kroner for å fremja aktivitet og kompetanse om munnleg historie i heile landet. Det finansierar to fulle stillingar i tre år pluss reisepengar. Dei to stillingane skal vera hos Memoar i Bergen. Folkeminnesamlinga og Norsk etnologisk gransking er partnarar.
  • Nedslåande: Forskningsrådet sette SAMLA – dei kulturhistoriske arkiva sin felles søknad om infrastrukturmidler til digitalisering – på reservelista for tildeling. Det er lite (eller svært lite) sannsynleg at nokon av dei som har fått midler takkar nei. Dermed det kulturhistoriske fellesarkivet skubba ut i det blå.

Sparebankstiftelsen DnB sitt vedtak er jo eit stort skritt framover. I Memoar ser me alt nå den vesle MHA-staben som starten på Senteret! Alt i løpet av vinteren håpar me å få på plass ei tredje stilling gjennom eit spleiselag mellom kommune, fylke og Kulturrådet. Me reknar også med å halda fram med minst eit årsverk finansiert av frilansarbeid av ulike slag.

Forskningsrådet sitt vedtak er jo eit tilbakeslag. Men på same tid synleggjer det behovet for SMH. Tilstanden til dei «gamle» kulturhistoriske arkiva (Fokeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking, Etno-folkloristisk arkiv og Samiske samlingar) er kritisk, og digitalisering er like mykje ein redningsoperasjon som det er effektivisering. Ingenting gale sagt om dei 16 som fekk midler frå Forskningsrådet – men det viser at kampen om forskingskronene er ein hard kamp der krefter må samlast!

Profilen:

Kva for krefter då?

Fire krefter trur eg: Dei som driv med innsamling, dei som driv med forvalting, dei som driv med forsking og dei som driv med formidling.

Oral history eller munnleg historie er – eller bør gjerast til – eit omgrep som omfattar alt dette, og som spenner frå Asbjørnsen og Moes folkeeventyr  til 22. julisenterets vitneforteljingar.  Eit senter for munnleg historie må stilla seg i spissen for å synleggjera polyfoni som historisk metode og historie nedanfrå – og verdien det har for samfunnet i notid og framtid.

Det må mned andre ord både profilera seg som eit kompetansesenter, ein utviklingsaktør – og ein interesseorganisasjon.

Oppbygginga

Å skapa eit slikt kraftsenter vil krevja både tid og omtanke. Det må byggast stein for stein! Dei fyrste steinane kan vera:

Ein og to er alt omtalte: Det er dei to stillingane i Munnleg historie for alle.

Tre: Memoar har søkt Vestland Fylke, Kulturrådet og Bergen Kommune om å spleisa på ei tredje prosjektstilling i det same prosjektet.

Fire: Samlokalisering. Er det aktuelt å samlokalisera desse med andre aktivitetar som alt finst på innan denne vide definisjonen av munnleg historie?

  • Er det interessant for Skeivt Arkiv å bli med på ein slik byggeprosess?
  • Etter avslaget på SAMLA-søknaden fell den påtenkte koordinatorstillinga bort. Men finst det rom for å frigjera ressursar til ei prosjektstilling som alt nå kan arbeida med ein plan B eller ein ny søknadsprosess – og er det interessant å samlokalisera ein slik ressurs med SMH?
  • Stipendiat: Eit Senter for munnleg historie må ha ein forskingsdimensjon. Er det realistisk å starta samarbeid om utvikling av eit PhD-prosjekt – evt. ein såkalla Nærings-PhD med eit innhald som gjer det attraktivt for vedkommande å vera samlokalisert med eit SMH?
  • Formidling og vidareutvikling: Både arkiv, bibliotek og musé i fylket ser ut til å interessera seg meir enn før for immateriell kulturarv og munnleg historie. Det skjer i dag både idé-, kompetanse- og infrastrukturutvikling spreidd på dei ulike institusjonane. Er det interessant for ein eller fleire av institusjonane å samordna utviklingsressursar – for eksempel gjennom å samlokalisera ein eller fleire prosjektstillingar med dei som er nevnt over?  
  • Mediesektoren: Ei rekke verksemder arbeider med «foredling» av munnleg råmateriale til undervisningsmateriell, dokumentarfilm og -litteratur, podcastar osv. Truleg finst det «uoppdaga» marknader i tillegg til sjølve mediamarknadane. Finst det frilans-produsentar eller produksjonsselskap som kan finna det interessant å samlokalisera i eit slikt senter for å prøva ut nye forretningsmodellar?
  • Kunstfeltet: Andre verksemder arbeider med  vidareutvikling av munnleg kjeldemateriale til film, teater, litteratur og performance. Ved sida av sjølve kunstutviklinga arbeider dei også ofte med regi og utvikling av naturlege talent til meir eller mindre profesjonelle forteljarar. Er det interessant for nokon av desse å samordna/samlokalisera?
  • Frivillig sektor: Er det interessant å samlokalisera for eksempel Amatørkulturrådet inn i eit slikt senter?

Fem: Dersom prosessen vidare stadfestar at det finst slike fellesinteresser – er det då aktuelt å foreslå at den kommunale kulturadministrasjonen omfattar ein prosjektstilling i det minste under utviklinga av eit slikt senter?

«Tenketanken» i prosjekt «Senter for munnleg historie» skal samlast igjen med det fyrste. Det vidare retninga i prosjektutviklinga vil koma ut av den felles høgttenkinga.

17. sept – Bjørn Enes

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.