Om å foredla forteljingar om levd liv

Grunnen til at me treng – og alltid har hatt – profesjonelle forteljarar, er at forteljing også er ein kunst. Det er slik, at alle har ei forteljing å dela. Men det er også slik at nokre blant oss kan fortelja slik at me sit nagla.

Av Bjørn Enes

Vegard

Det interessante med Vestland Teater sitt konsept “Forteljardyst” er at det dyrkar samanhengen mellom den folkelege forteljartradisjonen og den regisserte framføringa. I går kveld (24. oktober) vart det forsøkt for andre gong. Det var endå meir vellukka enn fyrste, synest eg.

Vinnaren i går, “Vegard” (Vegard Sandnes Larsen) framførte ei sterk historie om utanforskap, ei livsreise fram til inkludering – og sjukdom og ny utstøyting. Eg var ikkje i tvil om at det var verkeleg levd liv han fortalde om. På same tid var det eit slag “gjenbruk”. Det var utdrag frå Bergen Borgarscene sin produksjon “NAV betalar”. Men heile ideen i den produksjonen var jo nettopp å “foredla” verkelege forteljingar til teaterkunst. Rett frå gata – inn i teateret.

At forteljaren så tar det raffinerte produktet med seg ut att frå teateret er etter mitt syn heilt all right. Han vann både hos fagjury og publikum – han danka til og med ut sin eigen regissør. Tydelegare kan det ikkje seiast at regi har verdi.

Eg veit ikkje kor mykje regi dei andre deltakarane i går hadde fått. Eg håpar at me ein dag får høyra om det. Frå tilhøyrarplass virka det som at dei i alle fall hadde fått nok til å trivast framfor eit godlynt publikum. Eg veit heller ikkje kor mykje utvalet av forteljarar var “silt”, men resultatet likte eg godt. Det var substans i forteljingane, det var levd liv dei handla om. Om å få kreft, å kjempa, å sigra. Om å leva med så mykje krefter inni seg at ingen gutar blir forelska. Og så Trond, einaste gjengangar frå sist, med sine muntre drama frå barndom og oppvekst. (Ein av deltakarane gjekk eg glipp av, av di eg hadde misforstått starttidspunktet)

Trond

Denne idéen, om å dyrka fram forteljingar frå kvardagsliv og folkedjup, fortener stor merksemd og interesse. Etter mi meining er det historiefaglege konseptet “historie nedanfrå” direkte overførbart på det kunstfaglege feltet. “Forteljingar nedanfrå”.

Det moderne samfunnet er ikkje mindre komplekst og mangfaldig enn i tidlegare epokar. Interessa for breidda av menneskelege erfaringar bør vera stor, både blant historikarar og kunstnarar. Eg er ikkje alltid imponert over kor stor denne interessa eller innsikta er i nokon av leirane. Nettopp derfor er eg så begeistra for dette tiltaket til Vestland Teater.

Christine Hope

Som gamal industrimann tenkjer eg på samanhengane mellom råstofflager, produksjon og sluttkvalitet. Eg tenkjer på Vestland Teater og “Forteljardyst” som det vesle labben i hjørnet av fabrikkområdet, nesten heilt ute ved landsvegen, på loftet over salsutstillinga med ferdigvarer. Der folk frå råstofftomta legg vegen når dei har fått inn eit særleg spennande emne, eller folk frå produksjonshallane når dei ser noko spesielt ta form som halvfabrikata.

I dette bilete tenkjer eg på “tomta” som Memoar og andre historielag og musé si masseinnsamling av munnleg kjeldemateriale. “Produksjonshallane” tenkjer eg på som alle formidlarane sitt foredlingsarbeid, kuratorane på muséa, lærarane og læremiddelutvikiarane, reiselivsfolka og kanhende til og med journalistane. Og så er det altså labben då, som leikar seg med desse emna og artige halvfabrikata. Av og til kjem det ting frå ein slik labb som skal utviklast til ferdige produkt, til nytt teater.
Og heile fabrikken? Det er det nye senteret for munnleg historie i Bergen.

Vibeke Flesland Havre si tre-minutts finaleforteljing i går kveld står for meg som eit døme på kor stort og fortetta og mangfaldig og enkelt eit slikt sluttprodukt kan vera. Det var ei bitte lita forteljing om farmor sine siste timar, nesten vegg i vegg med fødestova på Haukeland, og farmors siste ord: “Ta meg til Barcelona. Eg vil dansa”.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.