Fortunoff Video Archive er eit senter for munnleg historie ved Yale University som har samla og delt lyd- og videoopptak med Holocaustoverlevarar sidan 1979. Nyleg publiserte arkivet ein podcast med utdrag av eit intervju dei gjorde med nordmannen Arne Brun Lie i 1987:

Arne Brun Lie vart arrestert av Gestapo våren 1944. Han hadde vore involvert i sabotasjetrening i Oslogjengen. Han og fire andre vart dømde til døden. Men av ein eller annan grunn vart han ikkje henretta saman med dei andre. I staden vart han send for å døy i Natzweiler, som Nacht- und Nebelfange. Han klarte å overleve både fangeleiren og fleire dødsmarsjar då dei allierte nærma seg.
Etterpå var han fyrst og fremst oppteken av å leve, og gløyme det som hadde passert. Han var ein eventyrar. Men under ein seiltur frå Boston til Oslo i kutteren «Tresbelle» førti år etter frigjeringa, klarte han ikkje å halde marerittminnene frå NNleiren unna lenger. Då begynte han å fortelja.
Det vart både bok, film – og intervjuet med Fortunoff. Opptaket vart gjort i 1987 – og det er den som ligg til grunn for den nye podcasten som nå er publisert.
Erik Bye gjorde eit TV-intervju med han i 1990:
Fortunoff Archive:
Det som i dag heiter Fornuoff Archive starta i 1979, det heitte då the Holocaust Survivors Film Project. Dei starta innsasmling av videointervju med overlevande etter Holocaust i New Haven, Connecticut og området rundt. Samlinga vart donert til Yale i 1981, og vart opna for publikum året etter som del av universitetsbiblioteket. Sidan då har dei halde fram arbeidet med opptak, innsamling, bevaring og formidling av intervju med overlevarar. Målgruppene er forskarar, studentar og det offentlege publikum.