Line Grønstad

Under det store romkappløpet på 1950-60-talet, seier soga, brukte NASA millionar av dollar for å utvikle pennar som ikkje var avhengige av tyngdekrafta. Russarane brukte blyant. Denne soga slo meg på seminaret The Digitalisation of Memory, arrangert av Falstadsenteret og Polin Museum of the history of Polish Jews i februar 2021. Her var ei mengde museum, kultursenter og minnekulturaktørar samla for å diskutere digitale formidlingsformer og sjå døme på korleis dette kan gjerast.
Deltakarane hadde, med nokre unnatak, til felles at tematikken presentert hos institusjonane dei representerte, hadde ei tilknyting til andre verdskrig og holocaust. I formidlinga har mange lenge nytta tidsvitne som sentrale formidlarar. Det er personar som har overlevd krigen, som kunne fortelje om eigne, personlege erfaringa. Møter mellom individ gir ein dimensjon til forståinga og nakken til hendingar som elles kan virke fjerne, særleg for yngre generasjonar. Tidsvitna til andre verdskrig fell no frå. Snart er det ingen igjen. Spørsmålet som mange av institusjonane har hatt har vore korleis løyse dette.
USC Shoah Foundation, ved University of Southern California, har arbeidd systematisk med å gjere tidsvitna tilgjengelege for eit publikum også etter at dei har gått bort. I prosjektet Dimensions in testimony gjennomfører dei systematiske livsintervju med tidsvitna sitjande framfor ein greenscreen slik at bakgrunnen etterpå kan byttast ut med andre fargar og omgjevnadar digitalt. Gjennom ein intensiv periode på tre-fem dagar, og med økter så lange som tidsvitna kjenner seg komfortable med, dokumentert gjennom fleire dusin kamera, svarer tidsvitna på fleire enn 1000 spørsmål.
Spørsmåla har blitt samla inn gjennom erfaring med ulike publikumsgrupper, gjennom fokusgruppeintervju og på andre måtar, og omfattar alt frå kor gammal ein var då krigen byrja og korleis ein overlevde, til spørsmål som «Er du ein ekte person?». Føremålet er å gjere det mogleg for publikum å interagere med vitnemålet, «To interact with the testimony», som Kia Hays og Karen Jungblut skildra det i sin presentasjon under den lukka delen av seminaret.
Føremålet er ikkje å gjere det mogleg å interagere med tidsvitnet, men å kunne stille spørsmål og få svar på spørsmåla, og tidsvitna som deltar gjer dette med ei kjensle av eigarskap til prosjektet. Dei har i følgje Hays og Jungblut ein stor grad av tillit til at framstillinga av vitnemålet deira i framtida blir behandla med respekt, og deltakinga er basert på ein langvarig relasjon mellom organisasjonen og individa.
Det var under denne presentasjonen soga om den dyre amerikanske rompennen og den rimelege og pragmatiske russiske blyanten slo meg. For det finst mange vitnemål, i skrift, lyd og video, der forteljarane, omtala som vitne eller overlevar i dette tilfelle, deler erfaringane sine, UTAN bruk av 100 kamera og eit grønt rom. Det er ikkje sikkert det er naudsynt å bruke millionar på utvikling av ein penn som ikkje er avhengig av tyngdekraft. Det kan hende det går an å bruke ein alminnelig blyant.
Men så var det dette med korleis hendingane under romkappløpet eigentleg var. For det viser seg at det ikkje er så enkelt. Ein blyant kan brenne. Vidare kan den flake, og ved kvessing fell det av småbitar som kan føre til skader på person og maskin når rommet er vektlaust. Så løysinga var faktisk ein eigen utvikla rompenn, berre at det ikkje var NASA, men eit privat firma som gjorde jobben. Og dette firmaet selde pennar til både dei amerikanske og dei russiske romfararorganisasjonane.
Den enkle soga med tydeleg moral, er ikkje så enkel likevel. Kulturminnevernet kan ha nytte av både penn og blyant, og kan også tilføre ekstra dimensjoner gjennom rompennar. Så Shoah Foundation sine vitnemål, som publikum og besøkande i framtida kan stille spørsmål til og interagere med, gir ein ekstra dimensjon til dei andre tidsvitesamlingane frå holocaust. På sikt kan kanskje rompennen nyttast til å gjere det mogleg å interagere med vitnemåla og forteljingane, også frå dei mange andre tidsvitneinnsamlingane dei har gjort frå nyare folkemord, frå Guatemala, Syria, Rwanda og Myanmar.
#memoar #shoahfoundation #falstadsenteret #museumteknologi #holocaust #tidsvitne #dimensionsintestimony #thedigitalisationofmemory #polinmuseum