Høyringssvar om «Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap og humaniora»

Kommentar til høyringsnotat datert 21/9 2020

Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie (www.memoar.no)  er ein frivillig organisasjon som arbeider med innsamling, dokumentasjon, arkivering/avlevering og formidling av munnleg historie i Noreg. Vi er tilslutta International Oral History Association (IOHA.org) og Landslaget for lokalhistorie (Landslaget.org). Vi har prosjektsamarbeid med Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking og ei rekke ABM-institusjonar og frivillige organisasjonar  over heile landet. Hovudkontoret er i Bergen. Saman med UiB/Kulturvitskap, Bergen Byarkiv og Bergen off. Bibliotek har vi sidan 2018 arrangert ein årleg landskonferanse om munnleg historie  Memoarkonferansen.no 

Etikk og ytringsfridom var hovudtema på Memoarkonferansen 2020

Vi har diskutert høyringsnotatet på Memoarkonferansen i år og mindre fora i vekene etterpå. Dette høyringsinnspelet er ført i pennen av Bjørn Enes, leiar i Memoar, i nært samråd med resten av staben.

Generelt er vi svært glade for eit godt, gjennomarbeidd og ikkje minst velformulert høyringsnotat. Sjølv om vi ikkje er ein forskingsorganisasjon, ber vi om å få kome med innspel. Vi har tre hovudargument for dette ynskjet:

  • Munnleg historie / oral history: Ulikt mange andre land, så har ikkje systematisk arbeid med innsamling, dokumentasjon, arkivering og bruk av munnleg kjeldemateriale  utvikla seg til eit eige fagfelt i Noreg. Memoar forsøker å rette på dette, og vi opplever stor interesse for vårt arbeid, både i akademia, abm-sektoren og frivillig sektor. Vi vil gjerne få peike på nokre moment som vi trur vil styrke dei forskingsetiske retningslinene også i eit “oral history-perspektiv”
  • “Grasrotforsking” / Citizen Science: Innanfor naturvitskapane har det dei siste åra vakse fram eit produktivt samarbeid mellom forskarar og frivillige. Internasjonalt er fenomenet kjent som “citizen science”. Det norske Språkrådet har tilrådd “grasrotforsking” som norsk omsetjing. (Andre forslag som dels er i bruk er “borgarvitskap” og “dugnadsforsking”)  Vi meiner at munnleg historie er det beste eksempelet på at grasrotforsking også vil kunne styrke humanistisk forsking. Forskingsetiske retningsliner bør derfor også seie noko om dette.
  • Ytringar og ytringsfridom: Mange av våre innsamlingar av munnleg kjeldemateriale skjer i samarbeid med organisasjonar og privatpersonar som har sterke meiningar om sine kunnskaps- og erfaringsfelt. Eksempelvis meiner ein god del sjøfolk at dei har betre greie på nyare sjøfartshistorie enn forskarar flest. For å få oppslutning og samarbeid om munnleg historie med slike miljø, er det svært viktig at deira rett til å ytre desse meiningane blir respektert. Dei vil nødig bli redusert til “berre informantar” – dei vil ha eit reelt og likestilt samarbeid. Dette vil vi også gjerne ha reflektert i retningslinene.

På denne bakgrunnen vi vi gjerne foreslå nokre endringar eller tilføyingar.  Her fylgjer våre innspel:

“Grunnleggende forskningsetiske prinsipper”

Ansvaret for forskningsetikken:

Vi kjenner oss heime i alle formuleringane i dette avsnittet – bortsett frå at vi gjerne skulle ha sett ordet “grasrotforsking” nevnt alt her. Det kan gjerast under mellomttielen “Ansvaret for forskningsetikken” – for eksempel med dette tillegget i innleiinga  avsnitt 4:

“I tillegg finnes det en rekke andre forskningsaktører knyttet til organisering og finansiering av forskning, for eksempel oppdragsgivere eller samarbeidspartnere i offentlig eller privat sektor eller frivillige medarbeidere i grasrotforskning.”

Avgrensing og virkeområde:

Her skulle vi gjerne sett munnleg historie nevnt. Det kan nok vere viktig å bli tydelegare på kva som er forsking innan munnleg historie, og kva som ikkje er – f.eks at  innsamling, dokumentasjon og arkivering av munnleg kjeldemateriale ikkje er forsking, medan forsking på dette kjeldematerialet (sjølvsagt) er forsking og at formidling av materialet kan vere begge deler.  Men uansett foreslår vi fylgjande innført i siste setning i andre avsnitt under dette punktet:

“Retningslinjene kan også anvendes i kunstnerisk utviklingsarbeid, muntlig historie  og museal praksis.”

Forskningsetiske forpliktelser:

Også her skulle vi gjerne sett at relasjonane mellom forskar og medforskar eller grasrotforskar blir nevnt – for eksempel slik, i siste setning under pkt A) Forskerfellesskapet:

“Forskere har også et kollektivt ansvar for å formidle forskningens verdier og normer til studenter og stipendiater og medforskere, samt til resten av samfunnet.”

Under C) Grupper og institusjoner er vi ved eit kjernepunkt.

Formuleringa «Utsatte og svakerestilte grupper» er farleg når det ikkje er definert nærare kva slags grupper dette er. Formuleringa kan dekke over fordomar og «paternalistiske» haldningar. Dette blir veldig tydeleg viss ein tenkjer seg at formuleringa for eksempel skulle vise til kvinner eller samar. Ei reformulering kan vere slik:

“Noen grupper kan ha særskilte behov for beskyttelse eller ytringsvern, og det kan være nødvendig å ta spesielle hensyn når man forsker på tvers av kulturer eller på kulturminner. “

A Forskerfellesskapet og B Forskningsdeltakere:

I desse to avsnitta vil vi gjerne slutte oss til kommentarane frå Forening for kulturforskning, som vi har fått innsyn i.

C Grupper og institusjoner

30. Svakstilte og sårbare grupper

Når det kjem til detaljane, er høyringsnotatet etter vårt syn betre balansert enn i den korte innleiinga under  “Grunnleggende forskningsetiske prinsipper”. Vi er mellom anna glade for at notatet peikar på problemet med «overdreven beskyttelse».

Vi meiner likevel at dette poenget treng å styrkast yttarlegare. Det kan ikkje berre hindre «at samfunnet får relevant kunnskap» – det kan også hemme ytringar frå grupper som blir definerte som svakstilte.  Vi foreslår derfor eit tillegg i andre avsnitt under pkt 30:

Overdreven beskyttelse av en utsatt gruppe kan imidlertid i noen tilfeller være uheldig og hindre både deres egne ytringer og at samfunnet får relevant kunnskap om viktige problemstillinger.

31. Kulturelle og sosiale grupper.

Er dette punktet nødvendig? Omgrepet er mildt sagt diffust  (alle grupper er vel både kulturelle og sosiale?)

Bør det ikkje heller vurderast om det står noko i pkt 31 som ikkje alt er dekt av pkt 36 – («uavhengighet i forsking»). Viss så er tilfelle – bør det ikkje heller innarbeidast der?

32. Kulturhistoriske kilder

Her stiller vi oss igjen bak Forening for kulturforskning sitt innspel om at omgrepet kulturminne bør oppdaterast. Det kan også gjerast slik:

Kulturminner omfatter både kulturarv og naturarv, så vel som vitenskapelig arv (landskap, steder, minnesmerker, gjenstander, tekster, arkiv, muntlig historie  med mer).

Forslag til nytt punkt –  under B Forskningsdeltakere eller C  Grupper og institusjoner  –  

(For eksempel nytt pkt 31?).

Ein av svært mange gode diskusjonar som oppsto under Memoarkonferansen i oktober, var spørsmålet om dei nye forskningsetiske retningslinjene også bør omtale  ytringar,  sidan ytringar er ein type kjeldemateriale som ofte er særs viktige i humaniora og samfunnsfag.

For grupper og enkeltpersonar som normalt ikkje kjem til i det offentlege ordskiftet,  kan det vera naudsynt å både kommunisera forskingsresultat og gruppa eller personens eigne ytringar. Eit frslag til eit nytt punkt kan vere slik:

Ytringer som kildemateriale.

Innenfor humaniora og samfunnsfag vil ytringer ofte være viktige kilder. Det kan spenne fra gjennomarbeidde offentlige ytringer (tekster, foredrag, audiovisuelle produksjoner), til uredigert muntlig historie i form av nye eller arkiverte intervjuopptak.

Forskning basert på offentlige ytringer krever normalt ikke samtykke, heller ikke når de offentlige ytringene er publiserte samlinger av delvis uredigert muntlig historie.

Forskning på upubliserte ytringer krever samtykke. Dersom upubliserte ytringer er arkivert med generelt samtykke til bruk i forskning, vil det i utgangspunktet  ikke være nødvendig å innhente nytt samtykke for hvert forskingsprosjekt. I slike tilfeller vil forskeren ha et særlig etisk ansvar for å respektere opphavspersonenes rett til å ytre sine opplevelser og meninger.

Kildenes ytringsfrihet kan også innebære en rett til å bli navngitt og referert. 

Bergen – 30. november 2020

Bjørn Enes ,

leiar av Memoar

Kontaktinforamsjon: post@memoar.no – tlf 55 20 15 55

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.