Kanskje nokre av dykk har lagt merke til at nettsidene våre ser litt annleis ut enn før? Det er i så fall fordi dei har blitt annleis. Google sites som vi har brukt til å lage nettsidene med, har lagt om strukturen, og tvang dermed alle over i den nye versjonen. Ikkje for det, denne omlegginga har også vore fin for oss. Gjennom dei siste åra har Memoar gått frå å omfatte aktiviteten av ein eller to personar, til å vekse, ikkje minst gjennom prosjektet Munnleg historie for alle. Og bruken av, og behovet for nettsidene har endra seg.

Vårreingjering
Flyttinga har gjort at vi har tørka støv på loft, i kjellar og i enkelte boder som nokre av oss ikkje visste om, og andre hadde gløymt. For dei av oss som har komme til utover i Memoar sin (forsåvidt korte, men dog) historiske levetid, har vårreingjeringa gitt a-ha-opplevingar. Informasjon og skattar har vore gøymt bak gardiner og under skorne bakerst i klesskapet, og mykje av det har fått ny plass der dei kan skinne, og brukast vidare av gamle og nye memoarar og memoarvenner.
Så har det vore nokre nettsider som har mangla, på den måten at informasjonen har vore litt her og litt der. Til dømes gjeld dette tips til korleis du sjølv kan gjere intervju og samle forteljingar, som du kan finne her.
Det viktigaste har vore samlinga av videointervju som de kan finne her. Sjølv om Google sites tilbaud flyttebil og pappkasser, har flyttefolka sett frå seg alt saman midt på golvet i nettsideheimen vår. Og videoane måtte vi flytte sjølv. Kvar einaste ein av dei! Så er det ikkje fritt for at vi har kikka litt tilbake på dei mange flotte intervjua i samlinga, og minnast personane som har fortalt frå liva sine.
Oppussinga
Med det same vi flytta, har vi friska litt opp i den den nye heimen vår, ikkje berre med vasking og rydding, men også med ein skvett maling eller tre. Vi har rett og slett fått oss ny logo! Den gamle tente oss vel, og var frisk og fin, men vi fall likevel for dette nye utkastet laga av designer Danee Feng. Ho har tatt utgangspunkt i at vi er opptekne av det folk fortel, og har laga ei snakkeboble med lydbølger inni. Er den ikkje fin?!!
Ikkje heilt ferdig med flyttinga
Så er det slik med flytting, vårreingjering og oppussing – det er ikkje alltid lett å få alt gjort i ein fei, og det gjenstår mykje her og der. Vi arbeider med saka, men tar svært gjerne i mot tips til høve for betring, brotne lenker, vanskar med å finne fram, eller anna som kan føre oss vidare i prosessen! Det er berre å sende melding på post@memoar.no.
Til vi snakkast igjen – god påske!
Helsing frå Line