Nasjonalt kompetansesenter for immateriell kulturarv (SIMKA)

Vegen fram: Bergen skal vedta 10-års strategiplan for musé og frivillig kulturvern (Foto: Line Grønstad)

Den 12. mai 2021 sendte Byrådet i Bergen ut på høyring det fyrste utkastet til tiårs plan for musé og frivillig kulturvern. Staben i Memoar har hatt ein prosess på utkastet, og leverte 3. juni dette høyringssvaret.

Planutkastet frå 12. mai finn du her: https://www.bergen.kommune.no/politikere-utvalg/api/fil/4460607/Plan-for-museer-og-frivillig-kulturvern-2022-2031-for-Bergen-Horingsdokument

Høyringsinnspel frå Memoar,

Sak 2020/54233, Plan for museer og frivillig kulturvern 2022-2031


Bergen – 3. juni 2021: Vi har lese utkastet til plan for musé og frivillig kulturvern med stor interesse. I dette notatet vil vi konsentrere oss om å kommentere eit av forslaga til nyetablering og nye grep, og dei tre forslaga til nye samarbeidsløysingar.


Kommentar til «Nyetablering og nye grep»:
Et nasjonalt kompetansesenter for immateriell kulturarv og håndbåren kunnskap

Dette er etter vårt syn eit klokt og framsynt forslag, og eit grep som fangar eit vesentleg, men hittil underfokusert trekk ved det samla kulturmiljøet i Bergen og i Noreg. Memoar har lenge argumentert for at landet treng eit senter for munnleg historie. Det harmonerar godt med høyringsutlastet, for “vårt” senter for munnleg historie kan veldig gjerne bli ein del av eit nasjonalt kompetansesenter for heile det immaterielle kulturarvsområdet.

Vi vil legge fram nokre tankar om korleis eit slikt senter kan utviklast og korleis munnleg historie (oral history) passar inn i det. Vi vil også kommentere litt om korleis vi trur det kan sikrast ein god synergi med Norsk Håndverksinstitutt, Senter for immateriell kulturarv på Lillehammer.


Men fyrst – endå ein gong: Kva er immateriell kultur?

Då UNESCO samla seg om tekstane i konvensjonen om “Intangible world heritage” i 2003, definerte dei omgrepet slik:

“The “intangible cultural heritage” means the practices, representations, expressions, knowledge, skills – as well as the instruments, objects, artefacts and cultural spaces associated therewith – that communities, groups and, in some cases, individuals recognize as part of their cultural heritage. This intangible cultural heritage, transmitted from generation to generation, is constantly recreated by communities and groups in response to their environment, their interaction with nature and their history, and provides them with a sense of identity and continuity, thus promoting respect for cultural diversity and human creativity. For the purposes of this Convention, consideration will be given solely to such intangible cultural heritage as is compatible with existing international human rights instruments, as well as with the requirements of mutual respect among communities, groups and individuals, and of sustainable development.”

Det har – såvidt vi veit – aldri blitt laga noko autorisert norsk omsetjing av denne definisjonen. Det har heller ikkje vore nokon diskusjon om “immateriell” er ei fullgod omsetjing av “intangible”, som heller betyr “uhandgripeleg”.

Det kan vere både ei årsak og ein konsekvens – i alle fall synest vi nok at dei fyrste 17 åra etter konvensjonen har vore noko famlande i Noreg. Derfor meiner vi at arbeid for ein nasjonalt senter for immateriell kulturarv må starte med ei klargjering av definisjonen – og å ta seg til definisjonsmakt.

Kulturrådet arbeider etter denne forkorta definisjonen (kulturradet.no/immateriell-kulturarv):

“Immateriell kulturarv er levende tradisjoner og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Kunnskapen blir praktisert i dag og ført videre gjennom kreative uttrykksmåter, som håndverk, musikk, dans, mattradisjoner, ritualer og muntlige fortellinger.”

Etter vårt syn skapar denne forkortinga ein ubalanse i omgrepet, slik at det blir redusert til dei kulturfelta som eksplisitt er nemnt der. Igjen synest vi det er korrekt å gå til konvensjonen, og minne om kva for kulturfelt som eksplisitt blir nemnt der (artikkel 2 pkt 2):

“The “intangible cultural heritage”, as defined in paragraph 1 above, is manifested inter alia in the following domains:
(a) oral traditions and expressions, including language as a vehicle of the intangible cultural heritage;
(b) performing arts;
(c) social practices, rituals and festive events;
(d) knowledge and practices concerning nature and the universe;
(e) traditional craftsmanship”.

Etter vår meining kan det skrivast slik på norsk:

“Uhandgripeleg kulturarv (immateriell kulturarv) som definert i paragraf 1 over, gjer seg gjeldande mellom anna på fylgjande felt:
(a) munnlege tradisjonar og uttrykk, derunder språk som formidlar av uhandgripeleg/immateriell kulturarv.
(b) Utøvande kunst
(c) Sosiale praksisar, ritual og feiringar
(d) kunnskap og praksisar som omhandlar naturen og universet
(e) tradisjonshandverk.
«

Poenget med dette er ikkje å drive flisespikkeri på gamle konvensjonstekstar. Poenget er at omgrepet “intangible heritage” (immateriell kulturarv) har eit breiare innhald hos dei som har skapt det, enn det som hittil har blitt lagt inn i det hos oss. Det er i seg sjølv eit godt argument for å opprette eit nasjonalt kompetansesenter.

I tillegg er det er meir fruktbart å utvikle og utveksle heile dette spennande området i interaksjon med det skjer internasjonalt.


“Immateriell kulturhistorie” i Noreg

Overskrifta her kunne bli eit spennande forskingsprosjekt. Men i denne omgang skal vi avgrense oss til å kortliste det som har skjedd med konvensjonsarbeidet i Noreg:

  • 2008: Noreg signerte konvensjonen.
  • 2011: Kulturrådet fekk ansvar for feltet.
  • Kulturrådet oppretta den fyrste innførselen i den norske versjonen av Memory of the World, Norges dokumentarv, i 2012.
  • 2015: Nettsida Immateriellkulturarv.no blei etablert.
  • 2016: Noreg fekk sitt fyrste immaterielle kulturminne på verdsarvlista. Det var bevaringa og tradisjonshandverket rundt oselvaren,
  • 2016: Norsk Håndverksinstitutt – senter for immateriell kulturarv blei medlem av UNESCOs evalueringskomite (“Evaluation body”)
  • 2019: Noreg fekk sitt andre punkt på verdsarvlista i, denne gong stev, dans og folkemusikktradisjon i Setesdal.

Eksisterande kompetanse i Bergen

Det er freistande å påstå at om ansvaret hadde blitt lagt til Bergen alt i 2008, så hadde denne historia sett annleis ut. Men det skal vi ikkje skrive. I staden skal vi gi eit fyrste bidrag til ei analyse av kva slags kompetansebasis fagområdet immateriell kulturarv har i Bergen og Vestlandsregionen. Og då tar vi utgangspunkt i Unescos konkretisering;

(a) Munnlege tradisjonar og uttrykk, derunder språk som formidlar av uhandgripeleg (immateriell) kulturarv.


Akademia:

“Flaggskipet” på dette fyrste feltet må vel kunne seiast å vere Språksamlingane og heile det kompetansemiljøet som er etablert rundt dei, på Universitetsbiblioteket og på Universitetet i Bergen.
Det samfunnsmessige potensialet til dette miljøet har gjennom dei siste åra blitt synleggjort – ikkje minst gjennom “Eides Språksjov”.

(Språkheltane frå Bergen – Linda Eide og Gunstein Axelsberg. Foto: UiB)


Språk og folkeminne var opphavleg same fagmiljø i Noreg. Folkeminnesamlinga ved Bergen Museum (etter Torleiv Hannaas) vart skipa for akkurat 100 år sidan, i 1921, og har nesten like lange tradisjonar som samlinga i Oslo (etter Moltke Moe). I dag er Etno-folkloristisk arkiv og det kulturvitskaplege miljøet rundt det blant landets fremste når det gjeld munnlege tradisjonar og uttrykksformer.

Dette kjem ikkje minst til uttrykk gjennom det Forskningsrådsfinansierte prosjektet SAMLA, der folkeminnemateriale frå Norsk Folkemuseum (Norsk etnologisk gransking) og Universitetet i Oslo (Norsk Folkeminnesamling) skal digitaliserast og formidlast i lag med materialet i Etno-folkloristisk arkiv. Dette prosjektet blir styrt frå Bergen.


Musea:

Vi meiner ikkje å ha fullt oversyn over museas engasjement når det gjeld munnlege tradisjonar og språk. Men vi har i alle fall merka oss Bymuseets interesse både for språkhistorie (Hanseatisk museum) og innslag av språklege tema i foredragsseriane på Bryggen Museum.
Museumssenteret i Hordaland har arbeidd i mange år med å samle og bevare munnleg historie. Særleg interessant er intervjuserien med tidlegare tilsette hos Tekstilindustrimuseet.
I Museum Vest har vi særskilt merka oss Sjøfartsmuseets innsamling av munnlege sjøfartsminne (her har Memoar også deltatt i arbeidet). Fiskerimuseet og Nordsjøfartmuseet har også kompetanse innan innsamling og bruk av munnleg historie.

Munnleg kjeldemateriale frå Telavåg er viktig i all formidling på Nordsjøfartmuseet

Også i frivillig sektor finst det mykje og viktig kompetanse. Når det gjeld språk, er det naturleg å peike på Bergen Mållag som landets største lokale språkforening, og Vestmannalaget som landets eldste.
I all beskjedenheit vil vi gjerne nemne at vi sjølve, Memoar, har klart å opparbeide oss ei rolle som ein synleg organisasjon i arbeidet for systematisk utvikling av munnleg historie som fagfelt i Noreg.

Endeleg vil vi gjerne ta med eit aukande antal diasporaorganisasjonar som arbeider både med språkspørsmål og andre former for munnleg tradisjonar og uttrykk – for eksempel. Bergen Then Tamil Osai radio og Latviešu biedrība Bergenā (latvisk forening), berre for å nemne to.

(b) Utøvande kunst


På dette feltet er kanskje det viktigaste å påpeike at all utøvande kunst er immateriell kultur. På grunn av den smale tolkinga av omgrepet, har det vore ein tendens til berre å tenkje på tradisjonell kultur i form av for eksempel folkemusikk eller framføring av gamle folkeeventyr. I kampen om plass på verdsarvlista er det naturleg å leite etter “særskilt norske” uttrykk. Men i det daglege kulturarbeidet er det ikkje tvil om at det er like mykje levande immateriell kulturarv når Teater Extra spelar “Peter Pan” på Cornerteateret, som når Audhilds spelar slåttar på Ervingen.

Med tanke på ei “kompetanseliste” som kan synleggjere kva som vil kunne sameinast og styrkast gjennom eit kompetansesenter for immateriell kulturarv, er det – slik vi ser det – særleg interessant å trekke fram kompetanse som rimer med prinsippet “historie nedanfrå”.

Det er flott at vi kan gå på konsertar og teaterframsyningar med kunstnarar på internasjonalt toppnivå. Men i kulturarvsperspektiv er det endå flottare at vi har Vestlandske teatersenter, som bygger både talent og produksjonar “frå botnen av” med born, unge og vaksne som finst her og nå. Eller Vestnorsk teater som lagar profesjonelle produksjonar med rot i den folkelege samtidskulturen. Eller Bergen borgerscene som har som idé å skape kunst av “vanlege folk” sine forteljingar og sine forteljarar. (Bildet er frå borgarsceneproduksjonen “Liv – du lyver!”. Foto: Bergen Borgerscene)

(Frå «Liv – du lyver!» – Foto: BNergen Borgerscene)

Vi framstiller ikkje dette i denne rekkefylgja for å snakke ned Den Nasjonale Scene. Kompetansekartet ville vere umogleg å navigere etter, om det ikkje også hadde med dei mest synlege toppane i terrenget. Men eit kompetansesenter for immateriell kulturarv bør etter vår meining ha eit breiddesyn. “Kultur” er noko som omfattar alle. Og det å synleggjere og å elske fram utvikling av utøvande kunst på alle nivå og i kvar ei krå må vere idealet.


På same måte kan ei analyse av den immaterielle kulturen i Bergen inkludere både toppar og breiddelandskap innan alle andre greiner av utøvande kunst, så som musikk, dans, performance – og kanskje eit kompetansesenter kan elske fram kunstformer som for tida ikkje er så synlege: Retorikk? Skalding?


(c) Sosiale praksisar, ritual og feiringar

Viss eit element i det nye senteret skal vere rådgjeving for heftig 17.mai-feiring rundt i landet: Kor hadde det då vore meir naturleg å legge det enn til Bergen?

(Bergen Lysfest – Foto: Turistavisen)

På dette feltet finst det stor praktisk kompetanse i mange miljø – frå fotballkampar og sjufjellsløp til lysfestar og Bondens marknad. Det er lite tradisjon for å sjå slik kompetanse i samanheng. Det vil kunne endrast med eit kompetansesenter, som både vil kunne ta initiativ til forsking og – ikkje minst – til at aktørar på ulike kulturområde kan lære av kvarandre.

Som på alle andre kulturområde, er endringsprosessar både interessante og utfordrande. Eit interessant trekk dei siste åra, er at feiring av Id blir meir og meir synleg og omfattar fleire etter kvart som ikkje-muslimar tar imot invitasjon til å delta. I sin tur kan dette kanskje påvirke og endre julefeiringa i retning meir opne praksisar enn den tradisjonelle familiefeiringa. Synleggjering og dokumentering av slike endringar kan vere eit spennande arbeidsfelt for eit kompetansesenter.

Det finst lange rekker av andre døme på nyare sosiale praksisar som det både finst kompetanse og kunnskapsbehov rundt. Tre eksempler i farten: blåturar, julebord, jentefestar.

(d) Kunnskap og praksisar som omhandlar naturen og universet

Den smale oppfatninga av kva immateriell kulturarv er, har gjort at dette viktige feltet til nå knapt har fått merksemd som immateriell kulturarv. Tradisjonar av typen Tor med hammaren eller soldyrking lever jo ikkje lenger, og stjernetyding er noko folk interesserar seg for i løynd.

Men for folk som flyttar til Noreg og Bergen frå andre delar av verda, er tur-kulturen eit av dei mest påfallande særtrekka ved oss som alt er her. Enten det gjeld plutseleg sommarvarme på Fløyen, eller kjelkeføre i bakkane ned derifrå, så “ligg det i blodet” hos bergensarane at dei må ut og ha det med seg.

Bergen Turlag kan høyre heime dersom eit Kompetansesenter for immateriell kulturarv også kan tilby samlokalisering av kompetanseverksemder. Det same kan vel gjelde Naturvernforbundet – for ikkje å snakke om Bybonden og Bærekraftig liv?

(e) Tradisjonshandverk.

(Strikkeklubb på “Det akademiske kvarter”. Foto: Studentbloggen)

Det feltet innanfor den immaterielle kulturarven som til nå har hatt mest fokus i Noreg, er tradisjonshandverk. Oselvaren var Noregs fyrste bidrag til UNESCO si liste over “intangible world heritage” (immateriell verdsarv). Det var sjølvsagt ikkje båttypen i seg sjølv som kom på den lista – det var den handlingsbårne kunnskapen om korleis ein bygger slike båtar.

Vi opnar dette avsnittet med bildet frå ein av dei hundrevis av strikkeklubbane landet rundt som synleggjer dei immaterielle sidene ved eit så tradisjonelt handverk som strikking. Handstrikking har jo overlevd både private strikkemaskinar, industrialisering og globalisering. Lenge var det noko eldre kvinner heldt på med – kan hende av gamal vane. Men i dei seinare åra har strikking fått ei veldig oppblomstring også blant unge. Det kan også finnast teikn på at ein og annan mann henger seg med.

Det er eit svært interessant fenomen – og truleg ganske typisk for veldig store delar av den immaterielle kulturen. Det er oppstått “av seg sjølv” og organisert “av seg sjølv”. Det er inkluderande og demokratisk. Det er utan tvil immaterielt – for sjølv om det blir kofter og vottar og huver ut av det, så er det sjølve strikkinga og samværet rundt den som er hovudsaken.

Det er uvisst om eit kompetansesenter vil bety noko til eller frå for ei slik “rørsle” som strikkinga utgjer. Men det er ikkje tvil om at det er mykje kunnskap å hente om og i det som skjer. Det er heller ikkje tvil om at den kunnskapen som blir delt gjennom dei mange sosiale media-kanalane som handlar om strikking, kunne ha godt av å bli tatt vare på i ein database, før dei druknar i straumen gjennom sosiale media.

Norsk Håndverksinstitutt – Senter for immateriell kulturarv


Den fyrste norske institusjonen som tok til seg omgrepet immateriell kulturarv, var også ein handverksinstitusjon, nemleg Handverksregisteret på Lillehammer Museum, Maihaugen. Same år som Noreg signerte konvensjonen (2008), endra registeret namn til Norsk Håndverksinstitutt – Senter for immateriell kulturarv.

Instituttet har opparbeidd seg stor respekt for jobben dei gjer, og har dei siste åra vore medlem av UNESCOs evalueringskomite – dei som avgjer kven som får kome på verdsarvlista. Dei driv med dokumentasjons- og opplæringsprosjekt, og bidreg til vidareføring av tradisjonelle handverk, med særleg vekt på kunnskap som står i fare for å bli borte.

(Foto: Norsk Håndverksinstitutt)

Dei driftar tre databasar:

  • Handverksregisteret inneheld informasjon om handverkarar innan tradisjonelle fag og teknikkar,
  • Prosjektdatabasen inneheld oversyn over Håndverksinstituttets dokumentasjons- og opplæringsprosjekt
  • Lærebedriftsbasen inneheld informasjon om lærebedrifter innan små og verneverdige fag.

Dei har ei treårig stipendiatordning for handverkarar, der stipendiatane får fordjupa seg i prosessar, problemstillingar og praksisar som er sentrale i tradisjonelt håndverk. Dei driftar eit sekretariat for små handverksfag, og eit bransjenettverk som arbeider med næringspolitiske saker for tradisjonshandverkarar.
Alt i alt er det mykje å lære av Handverksinstituttet. Det er ikkje behov for å etablere noko nytt i Bergen på felt som dei alt har tatt ein nasjonalt ansvar for.

Men det kan vere interessant å greie ut om der finst felt innafor området tradisjonshandverk som Håndverksinstituttet ikkje ynskjer å prioritere. Ein eventuell plan for arbeidsdeling må sjølvsagt lagast i samråd med Håndverksinstituttet. Per i dag finst det i alle fall to slike område som kan vere interessant å drøfte arbeidsdeling om:

  • Industrielt tradisjonshandverk: Typisk for den storindustrielle perioden var at nye handverk oppsto og blei borte i eit svært mykje høgare tempo enn det som gjeld dei klassiske handverksfaga. Dette er fag som det er lite poeng å bevara – dei blei jo borte av di den teknologiske utviklinga gjorde dei overflødige. Men det er desto viktigare å dokumentere endringsprosessane rundt dei. Og i tilfelle der heile produksjonslinjer er bevarte, slik som på tekstilmuseet i Salhus og Sjøllingstad Ullvarefabrikk i Mandal – der er det også viktig å sikre at den handbårne kunnskapen lever vidare slik at produksjonslinene kan bli køyrde.
  • Husflid og kunsthandverk: Strikkekulturen som vi drøfta ovanfor kan vel reknast inn i ein slik bås. Det kan vel tenkjast at den som leitar litt systematisk i den båsen, vil finne mykje “uoppdaga” immateriell kultur, både gamalt som har overlevd og nytt som har oppstått.
    Vi trur at eit kompetansesenter i Bergen for alle sider ved den immaterielle kulturen vil kunne leve godt ved sida av og i samarbeid med Håndverksinstiuttet på Lillehammer.


Memoar og senter for munnleg historie

Munnleg historie er ikkje berre ein del av den immaterielle kulturarven – det er også langt på veg den fremste måten å dokumentere den immaterielle kulturarven på. Av og til vert immateriell kultur også kalla “taus kunnskap”. Etter vår erfaring har ikkje ryktet oppstått av di folk er tause. Problemet er at bærarane av “taus kunnskap” alt for sjeldan har blit bedne om å fortelje. Får dei ein mikrofon og ein interessert tilhøyrar framfor seg, fossar forteljingane. At mange musé og arkiv har samla så store mengder gjenstandar opp gjennom åra, utan å få folk til fortelja om alt det “uhandgripelege” som er knytta til dei, er i seg sjølv eit argument for at det trengst eit kompetansesenter som kan ta ei rolle i å løfte fram denne sida ved kulturen.

(Munnleg historie / forteljarglede på Tingvoll. Foto: Memoar)

All immateriell kultur endrar seg kontinuerleg. (som konvensjonen også peikar på). Det er ikkje alltid viktig å bevare det som er i ferd med å bli borte. Men det er nesten alltid viktig å dokumentere det. Utvikling og samfunnsendringar kan ofte berre bli forstått i ettertid. Då er det av uvurderleg verdi å ha dokumenterte opptak gjort i samtid, medan endringsprosessane pågjekk, der dei som tok del i endringsrosessane fortel om kva dei faktisk tenkte og visste der og då.


Målformulering, juni 2021:

Høyringsutkastet har svært gode formuleringar om korleis eit nasjonalt kompetansesenter for immateriell kulturarv bør sjå ut og kva det bør innehalde. Vi sluttar oss til dei – men klarar likevel ikkje å motstå freistinga til å skrive vår eiga visjonsformulering:

  • Bergens nasjonale kompetansesenter for immateriell kulturarv må bygge og ta definisjonsmakt på alle felt av det immaterielle kulturområdet.
  • Det må synleggjere og styrke akademisk, museologisk og folkeleg kompetanse (erfaringskompetanse), og få dei til å virke saman, slik at ny kunnskap og ny formidling blir skapt.
  • Det må bli eit senter for innsamling og dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale, for humanistisk og kvalitativ grasrotforsking (“citizen science”), for vitskapleg og allmenn formidling og for erfaringsdeling og opplæring av frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar på alle felt av den immaterielle kulturarven.
  • Det må omfatte sentra for munnleg historie, for immateriell industri- og sjøfartshistorie, for forteljekunst og for tradisjonelle husflids- og kunsthandverk.
  • Det må vere, og det må bli oppfatta som eit kraftsenter, og det må vere godt synleg nasjonalt og internasjonalt.


Ein idé om fyrste tiltak.


Uansett korleis arbeidet for eit slikt kompetansesenter skal leggast opp, kan det vere klokt å ha ein plan B eller C – eller A – om å starte bygginga nedanfrå.

Eit klokt trekk vil etter vårt syn vere å legge til rette for samlokalisering av profesjonelle og frivillige verksemder som det er interessant å ha med der. Viss det samtidig skulle dukke opp ein sjanse til å øyremerke eit godt synleg bygg eller byggmiljø til immateriell kulturarv, så vil det kunne gi ekstra drivkraft til prosessen.

I sluttrapporten etter vårt forprosjekt om Senter for munnleg historie drøymde vi litt om Nygård Skole. Det er ikkje tvil om at det ville ha skapt ein slik energi. Det same ville gamle Kunsthøgskulen – Strømgaten 1 – som vi har lært å bli glade i det siste året.


Kommentar til «Forslag til nye samarbeidsløysingar»:


Opprette et lokalt forum for arkiv, bibliotek og musé

Vi tar for gitt at også det frivillige kulturvernet er tenkt inn i eit slikt forum. Våre eigne erfaringar med Memoarkonferansen er eit veldig godt eksempel på kor fruktbart det er å tenkje høgt saman. Der er Byarkivet, Bergen Off. Bibliotek, UiB/Kulturvitskap og Memoar medarrangørar. Konferansen har alt blitt ei synleg “merkevare” i norsk og også nordisk samanheng. Dette kan veldig gjerne utviklast vidare – det er for eksempel spennande å tenkje seg at eit lokalt forum for arkiv, bibliotek og musé kan vere framtidig arrangør av konferansen?

(Memoarkonferansen – Foto Line Grønstad)

Samarbeid mellom institusjon og frivillige er eit anna hovudtema som eit slikt forum kunne studere og utvikle. Forholdet mellom profesjonell og amatør er ikkje alltid harmonisk, enten det gjeld venneforeningar eller organisasjonar med tematisk fokus. Etter vår erfaring er det kjensla av at “taus kunnskap” ikkje blir tatt på alvor, som er mest frustrerande for dei frivillige når samarbeidet skurrar. For den profesjonelle er det ofte kjensla av manglande respekt for fagleg integritet og kritisk distanse.

Men begge delar er jo viktige! Eit “ABM-forum” kan løfte slitsomme problem ut av krokane der dei har oppstått, og møte dei med tiltak som gjeld fleire institusjonar og organisasjonar. Ei omfattande og systematisk innsamling og dokumentering av “taus kunnskap” rundt alle musea i Bergen i form av ei brei innsamling av munnleg historie, ville ha stor verdi. Det er ikkje naudsynt at kvart musé skaffar seg slik kompetanse – det kan truleg med fordel heller organiserast som fellesprosjekt av eit slikt forum.

Fleire musé har arbeidd med å formidla innhald på konkrete stader det knyter seg historie til, både gjennom fysiske vandringar og såkalla digitale vandringsruter for mobiltelefon. Dette er også eit felt der Bergen vil ha større glede av ein “ammunisjonsfabrikk” enn at mange sit og finn opp sitt eige krut. Eit ABM-forum kunne organisere samarbeid og eigarskap til ein felles “Bergens-app” der fastbuande og besøkande kunne få eit mangfald av stadstilknytta innhald når dei bevegar seg rundt i byen og bydelane. Ein liten felles redaksjon og eit samarbeid om innhaldsprosuksjon kunne gjere ein slik app til eit attraktivt nytt mediefenomen.

Eit ABM-forum kunne også bli viktig i arbeidet for å styrke forskinga i muséa. Vi trur at grasrotforsking / “citizen science” er ein nøkkel til å frigjere forskingskapasitet i musé. Det krevjer kompetanse, både blant forskarane og blant dei frivillige som tar del. Utvikling og formidling av slik kompetanse er også meir fornuftig å gjere i fellesskap, også i samarbeid med akademia.

Det siste – men langt frå minst viktige – feltet vi vil peike på som argument for eit ABM-forum, er digitale fellestenester. I Memoar har vi vore særskilt opptekne av infrastruktur for langtidslagring, tilgjengeleggjering og formidling av dokumentert munnleg historie. Bergen manglar tilfredstillande løysingar for dette i dag. Noreg manglar også tilfredsstillande løysingar. I dag peikar Nasjonalbiblioteket seg ut som den institusjonen som har den infrastrukturen som skal til. Men dei har ikkje kjeldemateriale som oppdrag. Det felles digitale kulturhistoriske arkivet SAMLA som er under oppbygging i Bergen, skal arkivere kjeldemateriale, men har så langt heller ikkje infrastruktur for audiovisuell langtidslagring.

Om Bergen eller Vestland (og SAMLA?) bør bygge sin eigen eller utvikle ei arbeidsdeling med nasjonal infrastruktur er eit stort strategisk spørsmål som høyrer heime i eit ABM-forum.

Alle dei momenta vi har peika på i dette avsnittet kunne også vore tatt med i drøftinga av eit kompetansesenter for immateriell kulturarv. Det gjer det tydeleg at eit ABM-forum kan spele ei rolle som “forstadium” til eit slikt senter. Når kompetansesenteret er på plass, vil eit lokalt ABM-forum framleis vere eit behov, for medan senteret må ha eit nasjonalt fokus, kan forumet konsentrere seg om samarbeid som gjeld Bergen o Vestland spesifikt.
Stimulere til økt samarbeid mellom aktører innen arkiv

For Memoar er det også her påtrengande å peike på arkivkapasitet for munnleg historie i form av lyd- og videoopptak. Vi bygger i dag eit privatarkiv der vi er avhengig av internasjonale skytenester. Prinsipielt meiner vi norsk kulturarv må vere arkivert i Noreg, i arkiv som høyrer fellesskapet til. Derfor ser vi vår nåverande løysing som ei mellombels naudløysing.

Munnleg historie som Memoar samlar, blir i dag avlevert til Norsk Folkeminnesamling gjennom infrastrukturen til Norsk etnologisk gransking. I tillegg blir munnleg sjøfartshistorie avlevert til Museum Vest/Sjøfartsmuseet, medan munnleg brannhistorie blir avlevert til Bymuseet. I begge desse tilfella blir materialet lagra på deira lokale serverar.

På vår side har vi tru på “skytenester” som den sikraste og mest kostnadseffektive infrastrukturen. Det vi manglar er ei “norsk sky” – i offentleg eige.

Ideelt sett bør aktørar innan arkiv i Bergen/Vestland diskutere om ei felles “Bergenssky” er eit realistisk alternativ til lokale serverar i kvart museum, om Bergen Byarkiv bør utvikle sin eigen infrastruktur, ein regional infrastruktur i samarbeid med Fylkesarkivet i Leikanger, eit infrastruktursamarbeid med Nasjonalbiblioteket eller ein struktur i samarbeid med SAMLA kulturhistorisk arkiv.

Samarbeidsavtaler mellom tematiske kunnskapsmuseum og frivillige aktører


I likhet med resten av høyringsutkastet synest vi også dette punktet er godt tenkt. Memoar har hatt stor glede og nytte av samarbeidet med musea i Bergen. Men alt samarbeid har vore basert på munnlege avtalar, og kvar slik avtale har avgrensa seg til enkeltprosjekt.

Vår lengste samarbeidsrelasjon har vi til Sjøfartsmuseet. Der har vi eit prosjektsamarbeid med tre partar: Museet, Bergens Skipperforening og Memoar. I vår tenking har dette vore ein god konstellasjon: Museet har den museumsfaglege kompetansen, Skipperforeninga har erfaringskompetansen, og Memoar har kompetanen i munnleg historie. (Det kunne vore fleire partar i dette samarbeidet: Det er litt unaturleg at ikkje Sjøfartsmuseets venneforening er med. Norsk Sjømannsforbund blei opprinneleg invitert med, men takka nei og viste til si rolle som fyrst og fremst interessepolitisk aktør. Derimot hadde det vore naturleg å ha med Bergens Maskinistforening.)

Ein liknande konstellasjon er det rundt brannhistorie. Der har vi fyrst og fremst eit samarbeid med Bergen Brannkorps Historielag. Dei på si side har eit nært samarbeid med Bymuseet, og alt vi lagar har vi lova bort til Bymuseet.

Det mønsteret vi ser ut av dette, er at “trekantavtalar” (eller “fleirkantavtalar”) i alle fall nokre gonger kan vere meir naturleg enn “berre” ein avtale mellom museet og oss.

Vårt hovudpoeng i dette avsnittet er at vi støttar tanken om sterkare formalisering og tydelegare fokusering av samarbeidet mellom musé og frivillige.

Konklusjon

Vi synest Byråden og Kulturkontoret har levert eit gjennomtenkt og framsynt forslag til strategi for musé og frivillig kulturvern. I dette dokumentet har vi forsøkt å kome med bidrag som kan gjere planen endå betre. Vi gler oss til å vere med å verkeleggjere desse visjonane gjennom dei komande ti åra!


For Memoar
Bjørn Enes og L
ine Grønstad

1 Comment

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.