Memoars grunnleggar Bjørn Enes deltok på International Oral History Association sin 22. verdskongress i Rio de Janeiro i dagane 25-28. juli 2023. I den grad nettet fungerte, sendte han daglege rapportar undervegs. Her er den samla sluttrapporten – framleis «baklengs» med den siste dagen fyrst i teksten. (Søndag 30/7 står det ennå att korrekturlesing og nokre referatdelar. Dei kjem på plass etter kvart)
Dag 4 – Fredag 28. juli:
Tilbakeblikk på 30 år internasjonalt samarbeid

Tre tettpakka dagar vart oppsumert og smanfatta av fire tidlegare og nåverande president i den fjerde og siste formiddzgsøkta, fredg 28. juli. Det var (frå v. på billedkollasjen): Alistair Thomson (Monash University/Australia), Marieta de Moraes Ferreira (UFRJ/Brazil), Pilar Domínguez (Universidad Las Palmas/Spain), Silva Dunduro (Kulturminister i Mozambique), og David Beorlegui (nåverande president i IOHA, frå Spania).
Dei to fyrste – som for lengst berre hadde fornamna att i dette miljøet, hadde dei lengste og frodigaste tilbkeblikka på IOHAs historie, frå starten i Gøteborg i 1996. Begge hadde vore med på så å seie kvar einaste konfernse.
Sjølvsagt var der ei forhistorie. Sentral i den var Paul Thompsen og hans bok «The voice of the past» frå 1978. Det hadde vakse fram ein venegjeng rundt han. Blant dei var etter kvart både Allessandro Portelli og Michael Frisch. Dei møttest annan kvart år, og dette forumet vart etter kvart ei så viktig drivkraft i det faglege utviklingsrbeidet, at dei tok til å diskutere ein formalisert konferanse i staden for desse uformelle møtene.
Fyrste gong vart altså i Gøteborg 1996. Sia har det halde fram annakvart år.
Utvekslinga av notat vart etter kvart til tidsskriftet «Words and Silences» som nå held fram i digital form.
Alistair (Thomson) karakteriserte det som har vakse fram som eit viktig forum for å lære av kvarandre. Det har det vore sidan start – og det er ikkje minst viktig nå. Han la også vekt på at prinsippet om fleirspråklegheit har vore halde i hevd heile tida. Nå er det to hovudspråk i IOHA – engelsk og spansk. Pluss at vertslandet sitt språk også gjeld på kvar konferanse. På den måten var lbåde denne konferansen og den førre fysiske (Finnland 2019) trespråklege.
Han avslutta med å oppsummere dei tre grunnane til at han håpte å kunne vere til stade på dei 22 neste konferansne og: Dette er ikkje berre samlingar av fagfeller – det er smlingar av vener. Folk som driv med munnleg historie delar ein del viktige trekk, sa han: Dei er alle slags folk – både akademikarar og andre samfunnsengasjerte folk. Dei er vesentleg flinkare enn gjennomsnittet til å lytte («Det er jo det dei driv med!»). Av same grunn har dei vanlegvis ikkje så mykje ego. Og dei delar gjerne viktige verdiar- Og ikkje minst: Desse konferansane er aldri «einkjønna». Stort sett er der fleirtal av kvinner.
Marieta (de Moraes Ferreira) fylgde opp. Men medan Allister hadde pepra sinn foredrag med anekdotar og refleksjonar, så hadde Mariet gått meir systematsi og vitskapleg til verks. Ho kunne vise grafar og tabellar over korleis konferansane har utvikla seg frå ein vest-Europeisk venegjeng til eit verkeleg internasjonalt fagfellesskap.
Begge gjorde eit numer av at den fyrste konferansen ikkje valde den store Paul Thompson til fyrste president, men i staden spanske Mercedes Vilanova Ribas. Det var ein «demokratisk kalddusj» i Gøteborg. Alle tok for gitt at sjølve «helten» skulle bli fyrste president. Men han hadde kritisert dei brasilianske kollegane så urettvist, og dei hadde svart kritikken så offensivt at det så å seie vippa han av stolen, noko både tilhengarar og motstandarar av hans kandidatur vart like overraska over.
Men det blei eit lukkeleg val, og ei viktig medverkande årsak til at IOHA aldri har b litt anglosentrisk.
Marieta lova å fullføre det arbeidet ho presenterte som ein artikkel om IOHAS historie, med talmateriale om korleis konferansen har vakse i breidde både deltakarmessig og fagleg gjennom åra.
Pilar (Domínguez) fylgde opp verdien av fleirspråklegheit. Det er ikkje berre slik at det gjer det enklare for nye å slutte seg til – det er også med på å fremje det tverrfaglege og til å motvirke laugs-tendensar. Ho trakk særleg fram litteraturforskaren Allesandro Portelli som døme på at folk frå andre fagfelt enn historie har hatt stor innflyting på utviklinga av munnleg historie.
Ho lag også stor vekt på innsatsen til frivillige og ikkje-akademikarar i IOHA si utvikling, og ikkje minst samarbeidet med heilt andre aktørar. Her trakk ho fram den spanske ambssaden i Rio de Janeiro, som hadde stilt opp med svært dyktige translatørar som hadde gjort det mogleg å gjennomføre ein trespåkleg konferanse.
Og endeleg snakka ho fram den veksten internasjonal munnleg historie-utvikling nå opplever, med etablering både av stadig nye lokale organisasjonar og nye regionale nettverk mellom dei.
Silva (Dunduro) la vekt åå dei særskilte utfordringne i Afrika, på grunn av kombinasjonen av i hovudsak immaterielle afrikanske kulturtradisjonar og sterk koloni-påverking av historieskriving og institusonsbygging. Eksempelvis er framleis eit høg prosent av Mosabique si befolking analfabetar. Det gjeld ikkje minst eldre menneskje.
Dette gjer munnleg historie særskilt viktig i Afrika. Men på same tid reiser det krav om å utvikle nye måtar å arbeide på. I tillegg kjem slike spenningar som alltid er knytta til det å skrive samtidshistorie. Positivt er det at primærkjeldene framleis lever – for eksempel når det gjeld historia om den lnge frigjeringskrigen mot Portugal. Men på same tid er det utfordrande at ulike politiske grupperingar dyrkar ulike narrativ, og gjer forsøk på å hindre dokumentasjon av andfe narrativ enn deira eigne.
David (Beorlegui) – nåverande president – slapp ikkje til med anna enn presentasjonar av dei fire forgjengarane sine i denne samanhengen. Bortsett frå det, nøydde han seg med rolla som tilhøyrar. Men under resten av konferansen markerte han seg tydeleg som ein naturleg og svært popuær leiar, både for perioden mellom Finland (2019) og Rio (2023) og for komande periode fram til Krakow 2025).
Med dette gjekk IOHAs 22 konferanse over i historia. Neste møte blir i Krakow 2025
Dag 3 – torsdag 27. juli:
Munnleg historie og teknologiske utfordringar
Ein spennande dag med svært mykje lærdom å hente.

Dagen opna med rundebordskonferanse 3 . «Oral History and Digital Humanities: methodological challenges». Panelet besto av (fr v): Leslie Joan McCartney (Alaska Fairbanks University/EUA), Miao Tian (National Libray/China) som også modererte samtalen, Outi Fingerroos (Jyväskylä University/Finland) og Alissa Rae Funderburk (Jackson State University/EUA).
Tema for tredje rundebord var tett opp til hovudtema for heile konferansen – nemlig konsekvensar og nye moglegheiter i fylgje av den teknologiske utviklinga. Mi personelege oppsummering er slik: Nåtida er alltid kontroversiell. Somme ser på nye tekniske og organissjonsmessige tiltak som tilbakeskritt – andre ser på dei som nye moglegheiter. Dei fyrste fokuserar på alt som ikkje virkar i uprøvde maskineri. Dei andre er gjerne halvblinde optimistar. Slik var det i dette panelet også.
Den store faren – eventuelt moglegheita – i vår tid er jo sjølvsagt kunstig intelligens. I samanheng med munnleg historie handlar det fyrst og fremst om transkripsjon av intervjuopptak.
Alissa Rae Funderburk tilhøyrde definitivt skeptikarane. Ho la fram ei grunding gjennogang av ulike sider med bruk at AI i transkripson, og konkluderte med at det går like fort å transkribere sjølv (på grunn av alle rettingne som må gjerast i autotranskripsjonar), slik at gamlemåten dermed blir meir kostnadseffektiv. Eit menneske forstår nyansar som ein maskin ikkje forstår, og dermed kan eit menneske skrive inn tolkingar av lydar og kroppsuttrykk. Slik blir menneske-transkripsjon betre.
Ho meinte også at AI har ein tvilsam praksis når det gjeld rase og etnisitet. Dette har å gjere med små dialektvariajonar og uttrykksformer hos folk som kjem frå område med afroamerikansk eller annan minoritetsbefolking. I og med at AI berre kan gjere og lære det som programmerarane har lagt inn i dei, og at desse noralt er kvite unge eller midaldrande menn, så vil det også smitte over på AI.
I tilleg meinte ho at autotranskripsjon er lite klimavennleg: Datamaskinar er ei stor forureingskjelde – vesentleg større enn flytrafikk og anna transport. I alle fall der straum i hovudsak blir produsert i varmekraftverk. (Ho gjekk ikkje detaljert inn i dette reknestyket). Diskusjonen vart livleg, med stort engasjement både frå teknologioptimistar og -skeptikarar. Og frå oss som snakka fram at munnleg historie fyrst og feremst må brukast som munnleg kjeldemateriale. Transkipsjon eller logging trengst som hjelpemiddel til å finne fram til dei rette sekvensane i det munnlege primærkjeldematerialet – ikkje til å erstatte originalane.
Lesley Joan McCartney fortalde ei lang og spennande historie om The Jukebox Project – som snart passerar 60 år med hstorikk om munnleg historie og digitalisering. Det begynte heilt tilabake i 1966 – lenge før nokon drøymde om internett og digitale media. Universitetsbiblioteket fekk i hende ei stor samling lydkassettar, utan nokon som helst dokumentasjon om kva dei inneheldt.
Heldigvis gjorde dei kkje som mange andre ville ha gjort – kasta det. Dei tok til å høyre gjennom, og det viste seg å vere ei svært verdfull samling av munnleg historie intervju, foredrag, radioprogram og minneforteljingar frå urbefolkinggrupper i Alaska.
Fyrste runde i arbeidet med denne samlinga var ein stor transkripsjonsjobb. Paralelt med det arbeidet samla dei også inn anna materiale med tilknytting til det munnlege, så som fotografi, kart, skrivne tekstar mm. Di meir samlinga vaks, di meir problematisk vart formidlinga av henne. Dette var jo som sagt lenge før internett gjorde det mogleg å publisere.
Den store «kulturteknologiske» dingsen i etterkrigstida var jo jukeboksen, der publikum (eller heller kafégjester) kunne hive på ein mynt og så velje melodi i ein meny. Fyrste formidlingsprogram for samlinga var ein liknande «jukebox» på biblioteket, der brukarane kunne hente fram mapper med kassettar, foto, kart og tekstar ut frå ein meny.
Neste skritt var digitalisering av transkripsjonane. Alt måtte skrivast om att – og nå kunne også floppydiskar hentast i jukeboxen.
Atter seinare – men i tide før dei gjekk i opplæysing – vart det mogleg å digitalisere lydkassettane og utstyre «jukeboxen» med CD og CDrom i staden.
«Men framleis handla formidling om å køyre rundt med bil»
Så kom endeleg dei multimediale moglegheitene som låg i Internett. Men då kom samtidig dei nye krava til personvern og opphavsrett. Kunne dette materialet gjerast tilgjengeleg?
Etter ein lang prosess med juristane i universitetet, fekk dei ei oppskrift på korleis dei kunne klarere kvart enkelt opptak for publisering: Dei måtte forsøke å få godkjenning av opphavspersonen eler nokon som hadde rett til å representere henne eller han. Eller dei måtte dokumentere at dei hadde gjort seriøse forsøk på å finne og kome i kontakt med slike. Hadde dei gjort det utan å lukkast, kunne dei likevel publisere.
«Juridisk avdeling kravde eit seriøst forsøk. Vi gjorde tre. Alaska er stort, men ikkje i folketal. Og blant urbefolkinga er nettverka endå tettare. Så vi fann dei aller fleste. Og dei vi ikkje fann, meldte seg gjerne sjølve når publiseringa kom i gang. Alle sa ja.»
Til diskusjonen om kunstig intelligens, sa Lesley berre at det ennå er langt fram til urfolk sine dialektvariasjonar av engelsk blir forståeleg for nokon AI-robot – og endå lengre til urfolk sine språk blir det. Men det som var hennar råd når det gjeld digitalisering og teknoologiutvikling i det heile, var:
«Tru aldri at dette er noko de blir ferdige med! Det må gjerast omatt og omatt kvar gong teknologien skiftar.»
Workshop 4: «Digitale diasporaer – forskingsmetodar for offentlege historieundersøkingar

Dominique Santana med sin presentasjon av «Colonia Luxembourguesa»
Dei to brasilianske/luxemburgiske historiakarane Anita Lucchesi, og Dominique Santana presenterte historia bak det bemerkelsesverdige transmedia-prosjektet «Colonia Luxemburguesa«. Produksjonen er Dominique si PhD-avhandling, levert som interaktiv multimedieproduksjon. Produksjonen er både vakker og svært interessant og vel verd ei lita utforsking.
Forhistoria er ikkje mindre spennande. Sjølv om begge to er godt planta i begge kulturane, ante ingen av dei at det låg ein luxemburgisk by midt inne i provinsen Minas Gerais i Brasil. Ingeniørar frå Luxemburg tok til å utvikle eit ei rik jernåre i Brasil i 1921. Etter kvart som verksemda vaks, henta dei fleire fagpersonar frå Luxemburg. Dei bygde opp eit lite bysamfunn etter den gamle industrimodellen der alt tilhøyrde industriselskapet: Hus og infrastruktur, skule og kyrkje. Alle var tilsette i stålverket. På den måten var det også stålverket som hadde monopol på å fortelje og forvalte historia om seg sjølv.
Nå har dei to historikarane samla eit stort munnleg materiale frå både fyrste, andre og tredje generasjons brasilianske luxemburgarar, pluss brev og andre tekstar og eit stort billedmateriale.
Det vart ein svært lærerik verkstad, både om migrasjonshistorie og om nye måtar å formidle munnleg historie på.
Dg 2 – onsdag 26. juli:
Generalforsmling – avklaring av forhold til UNESCO, serie av spennande seminar.
Onsdag kveld vart generalforsamlnga gjennomfrøt i svært godt stemnging. IOHA er ein svært samla organisasjon. Sjølv om praksis varierar sterkt, er det stor semje om verdiar og grunnleggande faglege spørsmål. Alle tillitsverv blei klappa gjennom – og det nye styret ser slik ut:

(frå v): Visepresident Tian Miao (Kina), Mark Wong (Singapore), Rubén Kotler (Argeninta), President David Beorlegui (Spania), Andrea Casa Nova Maia (Brasil), Nompilo Ndlovu (Sør-Afrika), Visepresident Leslie McCartney (USA), Outi Fingeroos (Finland), Martha Norkunas (USA), Sumalya Mukhopadhyay (India) og Silva Sevlian (Armenia)
Jakub Galeziowski (Polen) og Nepia Mahuika (Australia) vart også valde, men var ikkje til stade då bildet blei tatt.,
Sett frå norsk side, var elles det viktigste resultatet av generalforsamlinga at innspelet frå Memoar om å markere munnleg historie som ein viktig del av den immaterielle kulturarven, fekk full oppslutning. Det nye styret skal i tida framover arbeide for at UNESCO skal bli tydeleg på dette. Visepreseident Tian Miao har påtatt eg hovudansvaret for å føre dette arbeidet vidare.
Munnleg historie i Latin-Amerika:

Dag 2 starta med at fire veteranar frå munnleg historiefaget i Latin-Amerika diskuterte korleis faget og dei ulike organiserte aktivitetane har utvikla seg i sør-Amerika sidan 1960-talet. Dei fire var (frå v.) Marcos Montysuma (Føderale Universitet i Santa Catarina, /Brasil), Gerardo Necoechea (Nasjonalt institutt for antropologi og historie/Mexico), som også modererte samtallen. María Patrícia Pensado (Det uavhengige universitetet/Mexico) og Rubén Kotler (Nasjonalt Universitet i Tucuman/Argentina).
Med utgangspunkt i pandemien og dei store endringne i daglegliv og profesjonelt liv som den førte med seg, utvikla samtalen seg raskt til ein diskusjon om gode og mindre gode sider ved dei arbeidsmåtane og dei nye måtane å bruke teknologi på som tvang seg fram under pandemien. “Virtualisering” kalla moderatoren det.
Den tråden kan vel kort oppsummerast som ein ganske samstent ytring av glede over at pandemien er over, og at konferansen i seg sjølv representerar ei tydeleg tilbakevending til det verkelege liv.
Som på si side er svært annleis enn i Europa. Sjølv om vi på denne sida av Atlanteren har hatt drama nok gjennom dei siste par generasjonane, bleiknar det i forhold til det våre kollegaer i Sør-Amerika samlar intervjuseriar om. Forsvinningar i Argentina og Mexico, militærdikttur, tøværstid og Bolsonaro-epoke i Brasil, borgarkrigar og narko-terror i Columbia og Mellomamerika – berre for å nevne noko.
Utviklinga av eit munnleg historie-nettverk i regionen starta for alvor i Brasil på 1970-talet, men vekst kom fyrt og fremst i gang etter at militærdiktaturet vart avskaffa i 1986..Eit brasiliansk nettverk vart knytta i 1992, og sidan 2005 har fagmiljø og organisasjonar på heile kontinentet vore knytta saman. Naturleg nok dominerar dei tre store (Brasil, Argentina og Mexico), men det er nå også medlemsorgnissjonar i dei fleste andre landa. Marcos karakterisert veksten nå som eksponentiell.
Frå Mexico la María Patrícia Pensado særleg vekt på samarbeidet med frivillig sektor, ikkje minst ute i distrikta. Munnleg historie prosjekt har vore viktige i styrkinga av lokalsamfunn sin identitet og i forsvar av land og rettighetar mot både narkotikakartell og multinasjonale selskap som stadig ynskjer å ta over. Særleg la ho vekt på prosjekt som dokumenterar alle forsvinningane som har vore i Mexico gjennom dei siste tiåra.
På same måte som Marcos problematiserte ho dei store forskjellane mellom folk både når det gjeld økonomiske og kunnskapsmessige ressursar, og fortalde om både utfordringar og motiverande resultat av å arbeide med munnleg historieprosjekt under slike forhold.
Frå utviking i Argentina la Rubén Kotler stor vekt på at munnleg historie er ein del av historiefaget, ikkje eit særskilt eige fag. Men når så mykje var sagt, kunne han også fortelje om sterk vekst. Argentinsk nettverk vart etablert i 2004. Etter det har veksten vore “føderalisert” på den måten at dei ulike delane av landet har arbeidd relativt uavhengige av kvarandre.
Også Argentina har si fortid med militærdiktatur, og menneskerettsrørsla er i stor grad samanvevd med munnleg historie-arbeidet. Dette punktet skapte ein interessant diskusjon om tilhøvet mellom intervjuar og forteljar i prosjekt som har politiske eller andre verdimessige dimensjonar. Kan viktige spørsmål bli omgått viss dei to har for like aldningar? Eller kan viktige problemstilligar bli oversett /uoppdaga viss dei er for ulike?
Naturleg nok vart ikkje denne debatten konkludert.
Dag 1 – Tirsdag 25. juli
Munnleg historie i ei digital og audiovisuell verd.

Eit hovudinntrykk er at dette er ein verkeleg internasjonal konferanse. Sist eg var på ein slik kongress, i Finnland i 2019, dominerte amerikanarar og europearar. Her dominerar ingen. Representantar frå LatinAmerika, Afrika og Asia dominerar talarlistene. Sjeldan har eg så tydeleg opplevd korleis denne verda heng saman: Her delar høgt kompetente menneskje frå heile verda tankar, idear og meiningar – på dårleg engelsk, men med stor velvilje.
Vertskapet er Foundation Getulio Vargas/Senter for forskning og dokumentasjon av Brasils samtidshistorie (FGV/CPDOC). Instituttet blei oppretta i 1973 med formål å samle dokumentasjon om Brasils nyare historie, å utvikle forsking innan sitt ekspertiseområde og å fremje bachelor- og hovedfagskurs. Dei starta innsamling av munnleg historie i 1975, og har vore sentralt med i utviklinga av IOHA sidan starten. Dette er tredje gong dei er vertskap for den globale konferansen.
Elles kan eg vel oppsumere som ein kortversjon av inntrykka frå tirsdagen at det er store variasjonar i kva som går føre seg rundt i verda. Sumallya Mukhopadhyay frå Manav Rachna International Institute of Research and Studies fortalde for eksempel om samling og forsking på – og ikkje minst bruken av “Partition Collection” som inneheld 10.000 intervju om hendingane under og etter delinga og frigjeringa av India i 1947. Han fortalde om korleis folk kjem til arkivet og lyttar i timevis til ordinære menneskje sine forteljingar om korleis dei opplevde dei dramatiske åra – som framleis pregar indisk politikk og daglegliv.
Jun Oguro frå Doshisha University, Kyoto fortalde om Hiroshina-samlinga, som har 256 korte intervjubitar henta frå filmopptak med overlevande frå 6. august 1945. Det er redigerte klipp. Er dette munnleg historie? Spurde han – og uttrykte ynskje om å få svar.
Historiar Elizabeth Visser frå University of Cape Town problematiserte på si side dette med publisering av munnleg historie frå prosessen rundt forsoningsprosessen etter apartheid. “Gamle opptak dukkar opp som spøkelse frå ei anna tid på YouTube” sa ho mellom anna. Dette svært interessante spørsmålet var bere eitt av svært mange problemstillingar som rakk å bli reist – men ikkje å bli diskutert. I alle fall ikkje i plenum.
Metadata

“Your metadata guide for the multiverse” var tema for den fyrste workshopen som eg rakk. Det var Lauren Kata og Natalie Milbrodt frå at den amerikanske organissjonen Oral History Association sin “task force” for utveksling av beste praksis som gjekk gjennom metadatakapittelet i den verktøykassa for beste praksis som organisasjonen har laga. Diskusjonen i workshopen viste både at mange har same problem som i Noreg – at det offentlege ABM-systemet ikkje ser verdien av å lagre munnleg historie. Rådet frå Laureen og Natalie var fyrst og fremst å innarbeide systematikken i alt prosjektarbeid:
- ikkje la programvare bestemme kva de skal gjere.
- Tenk nøye gjennom kva for data dei som skal bruke arkivet vil trenge –
- og få slle som tar del i prosessen tenkje metadata frå start til slutt.
Så lenge de veit kva som skal srkiverast, så er ikkje programvaren så viktig. Og på direkte spørsmål svarte dei: Excelark fungerar kjempefint.
Panel 9 «Oral history and digital humanities».

I det siste arrangement eg rakk på tirsdag fortalde Radmila Svarickova Slabakova frå Polen om munnleg historie i museumsutstillingar om andre verdskrigen. Ho problematiserte bruken av skodespelarar til å lage “munnleg historie” frå tidsvitne, basert på hovudsakleg tekstar. Arguentet for frå hennar side var at vart meir effektiv kommunikasjon med kjenslene til beøkande i museet på den måten. Arumenta mot var jo sjølvsagt at det då ikkje lenger er munnleg historie, men forteljekunst basert på anna kjeldemateriale
Elizabeth Visser frå Sør-Afrika gjekk grundegare inn på problematikk rundt innsamling og bruk av munnleg historie om sannings- og forsoningskommisjonen i etter apharteid,
Lucas Maceno Sales frå Brasil samanlikna to svært ulike prosjket, eit om brasiliansk emigrantmijø i New York, og eit om eit fangeopprør i eit brasiliansk fengsel. I begge tilfella vart det både praktiske og etiske problem med gjennomføringa, av di forteljarane med rette kunne frykte farlege konsekvensar av å fortelje fritt. Emigrantane få immigrasjonsmyndigheitene i USA og fangane frå medfangr eller rettsappartet i Brasil.
Florencia Ruiz Mendoza frå Columbia University, New York reflekterte rundt fjernintervju som blei så vanleg under pandemien. Hovudkonklujonen hennar var at det var nyttig den gong, men at fjernintervju synleggjorde dei mange “usynlege” kommunikasjonane som høyrer det fysiske møtet til.
Elles
Elles er det ofte utanom seminar- og workshopsromma at mane lærdomar og refleksjonar vert delte. Eit par opphentingar frå tirsdgen:
- theirstory.io er eit iteressant nytt sosialt medium der ideen er å løyse mange av dei problema som viste seg då det brått vart gjort mengder av fjernintervju under pandemien. Heie ideen til mediet er å skreddersy ein plattform for fjernkommunikasjon mellom levande menneskje – enten dei driv med munnleg historie eller “berre” kommuniserar med familei og vener.
- https://www.pixstori.com/ er ein annan nyskaping. Der er idéen p samle munnlege forteljingar knytta til fotografi. Organissjonen legg ut eit bilde og ber om forteljingar – publikum sender inn skriftlege eller munnlege beretningar som dukkar opp i dei når dei ser biletet. Eg tenkte straks på ein liknande idé som me har diskutert om å samle forteljingar om fotografi frå gamle – og ikkje fullt så gamle Bergen 🙂
- Eg må til sist nevne bokutsalet under konferansen. Det var dessverre ikkje aktuelt å ta med seg noko av det breie tilbodet heim – Til det er ferdigheitane i portugisisk og spansk for spinkle. Men som eit teikn på det faglege nivået innan munnleg historie i LatinAmerika, var det overbevisande:

Truleg blir det etter kvart mykje meir å finne om konferansen på www.ioha.org
31/7-2023 Bjørn Enes