26. og 27. august 2024 fekk eg representere Memoar på møte i «Nettverk for levande kulturarv» – tidlegare IKA-nettverket. Møtet gjekk føre seg i Bodø, på Jektefartmuséet mandagen og på Kjerringøy Handelstad tirsdagen. Sistnevnte i ein forrykande seinsommarstorm:

Av Bjørn Enes
Fyrste sak på dagsorden var diskusjonen om senter for immateriell kulturarv i Bergen. Det har breidd seg uro rundt det som skjer i Bergenspolitikken, og derfor hadde nettverket bede om ei orientering. Og den oppgåva fall på meg.
Eg sa at eg ikkje kunn gi fullgod rapport om kva som skjer i administrasjon og politisk liv i Bergen Kommune, men at eg kunne fortelje korleis det såg ut frå Memoar si side. Her er eit konsentrat av det eg fortalde:
- Memoar blei stifta i 2015.
- I 2016 var vi med på oppropet «KULTURHISTORISKE ARKIV – KUNNSKAPSBANKER FOR FREMTIDEN» Det viktigaste resultatet av det er SAMLA.no som blir lansert i desse dagar.
- I 2020 var vi blant initiativtakarane til eit nytt opprop – om Senter for munnleg historie.
- Seinare same år lanserte vi for fyrste gong tanken om at eit senter for munnleg historie kunne vere ein del av eit Senter for immateriell kulturarv. Det var i eit høyringsinnspel til diskusjonen om ny 10-årsplan for kulturpliitikken i Bergen.
- I september 2021 leverte vi eit liknande høyringssvar til diskusjonen om Kulturmiljølmeldinga i Oslo. Også der var det ein del av diskusjonen om ein 10årsstrategi for kulturpolitikken.
- Hausten 2022 kom så Byrådet i Bergen sitt forslag til «Plan for muséer og frivillig kulturvern», som seinare ble vedtatt enstemmig av Bystyret.
Under «Hovudprioriteringar» (s.12) sto det:
«Kulturarven skal gis et løft. For å oppnå dette må flere nye tiltak etableres, nye formål prioriteres og tiltak utredes. Blant annet foreslås etablering av et nasjonalt kompetansesenter for immateriell kulturarv og håndbåren kunnskap, nasjonal veteranskipshavn med fartøyvernkonservator, og kunnskapsmuseer i Bergen som spydspisser innen ulike temaer som musikk- og kunsthistorie, by- og bygningshistorie, industrihistorie og hav- og kysthistorie.»
Vi oppfatta dette som eit lokalt gjennomslag for vår idé – sjølv om bystyrevedtaket ikkje spesifiserte fokus, slik vi hadde gjort i vårt høyringssvar: Vi hadde argumentert for at senteret i Bergen burde ha hovudfokus på «munnleg historie, forteljekunst og språk» – slik at det ikkje «trakka i bedet» til andre sentra som alt gjorde eit utmerka arbeid. (Vi nevnte eksplisitt Norsk Handverksinstitutt og Senter for folkemusikk og dans).
- Hausten 2023 tok vi så opp att dette arbeidet i Bergen, for å forsøke å få større framdrift i prosessen. Vi arrangerte ein serie såkalla «høgttenkingar» der vi argumenterte for at eit Senter for immateriell kultur i Bergen burde ha eit nasjonalt fokus på munnleg historie, forteljekunst og språk, kombinert med eit regionalt fokus på dei andre immaterielle kulturfelta (utøvande kunst, sosiale praksisar og ritual, naturkunnskapar og -praksis og tradisjonshandverk).
- Den framføringa vi hadde for Bergen bystyre sitt Utval for for finans og kultur Bergen den 18/3-24 var høgdepunktet så langt i det politiske arbeidet lokalt.
- Vi registrerte at arbeidet vårt hadde skapt uro hos andre, og derfor hadde vi sett fram til dette høvet for å tenkje høgt saman.
Etter denne utgreiinga hadde vi ein god og konstruktiv diskusjon. I fleire innlegg vart det peika på at det trengst ein klarare nasjonal struktur på arbeidet med immateriell kulturarv. Det vil vere kontroversielt om nokon utviklar ambisjonar om å «ta alt». Men det treng ikkje vere konflikskapande å supplere nåverande struktur (eit senter for «tradisjonshandverk», eit for «utøvande kunst» , eit for «sosiale praksisar og ritual» og eit for «naturkunnskap og -praksis» med eit senter som har ei nasjonal rolle på «munnlege uttrykk, tradisjonar og språk».
Så vi skildest som vener 🙂
Siste post på¨programmet var besøk i verkstaden til båtbyggar Ulf Mikalsen – ein mann som demonstrerte virtuost kor nær samanhengen er mellom den handborne og det munnlege:
