Bergens kulturvernstrategi

INNSPEL FRÅ MEMOAR:

Hausten 2020 inviterte kulturbyråd Katrine Nødtvedt til innspel om Bergen Kommunes plan for musé og frivillig kulturvern 2021-2030. Den førre tiårsplanen for arkiv, bibliotek og musé går ut ved årsskiftet, og blir erstatta av fleire nye. Memoar har utabeidd nedanståande innpel til debatten – b¨åde i form av ein video og eit skriftleg innspel:

Generelt:

Vi synest det er framsynt å legge opp til ein felles plan for musé og frivillig kulturvern. Dei fleste musé og kulturminner har erfaring både med fruktbart samarbeid og spenningar mellom profesjonelle og frivillige. Det er klokt og viktig å diskutere felles mål og rollefordeling i langtidsperspektiv.

Vi meiner at nyare erfaringar med citizen science eller grasrotforsking gir ein nøkkel til å forstå korleis moderne relasjonar mellom lek og lærd kan og vil utvikle seg.  Innanfor musé og kulturvern er det ofte slik at dei frivillige kan bidra med “taus” og handlingsboren spesialkunnskap og -erfaring, medan dei profesjonelle kan bidra med meir generell kunnskap, oversikt og grunnlag for kritisk refleksjon. Ein svært vanleg vanleg form for arbeidsdeling er at dei frivillige samlar inn og dokumenterar kjeldemateriale, medan dei profesjonelle vidareforedlar det til forsking, utstillingar eller publikasjonar.

For å kunne aktivere og nyttiggjere seg slike funksjons- og arbeidsdelingar, kan det vere viktig å styrke fokus og forståing av immaterielt kulturvern. Museumstradisjonen med å fokusere gjenstandar, bygningar og båtar kan langt på veg forklarast med at publikum visste kva ein rokk eller ei oppgangssag var når dei kom til museet og fekk sjå dei. Men i det industrielle samfunnet har teknologiane – og dermed reiskapane og andre gjenstandar – vore så spesialiserte og endra seg så fort at slike kunnskapar ikkje lenger er alminnelege. Det er ein av grunnane til at immateriell kulturarv blir stadig viktigare

I musé og kulturvern er munnleg historie truleg den aller viktigaste immaterielle kultursjangeren. Å supplere ein utstilt gjenstand med forteljingane til dei som har brukt han aukar verdien av gjenstanden mange gonger. Derfor kan det vere klokt å invitere nettverk av frivillige rundt museet og kulturminnet inn i arbeid med å samle og dokumentere slike forteljingar i form av munnleg historie. “Taus kunnskap” er svært sjeldan taus når berre folk får høve til å fortelje om han!

Dette er vår hovudbodskap. I det fylgjande vil vi gjerne peike på korleis vi meiner dette kan arbeidast inn i planen:

Delkapittel 1) om det profesjonelle museumsfeltet

a) Musea si samfunnsrolle og -ansvar

Det finst ei historie bak kvar einaste tråd i samfunnsveven. Eit musé skal formidle refleksjonar om korleis nåtida vart til, og kva vi kan lære av det nå, når historia går vidare. I dei ti komande åra bør Bergen Kommune legge vekt på også å bygge opp immaterielle kjeldesamlingar i form av munnleg historie, film- og lydopptak.

b) Mangfald og auka deltaking i musea

Kvar tidsepoke lagar sin versjon av si eiga forhistorie. Men i kvar epoke finst også andre versjonar: For eksempel er homohistorie viktig i dag, medan det knapt fanst noko slikt for førti år sidan –  i alle fall ikkje i musé eller som kulturminne. Men homohistoria var der! Hadde forteljingar frå eit mangfald av folk blitt tatt vare på, hadde vi hatt interessante kjelder å granske i dag. Derfor bør Bergen Kommune stimulere innsamlingar, dokumentasjon og bevaring  av mangfald av livsforteljingar, i samarbeid mellom musé og frivillige.

c) Utstillingskritikk og synlegheit

Bergen kommune bør stimulere utstillingsprosjekt som også formidlar immaterielle kulturminne og munnleg historie.

d) Organisasjonsstrukturar, tematisk inndeling og nettverk

For å sikre langsiktig styrking av det immaterielle kulturvernet, bør det etablerast eit senter for munnleg historie ved eitt av musea eller hos ein av ei rekke aktuelle samarbeidsinstitusjonar, for eksempel Bergen off. Bibliotek, Bergen Byarkiv/ArkivVest,  Universitetsbiblioteket, UiB/Kulturvitskap og/eller Memoar. Senteret bør vere eit kompetanse og ressurssenter som kan samarbeide med desse og andre for å gjere Bergen til den byen i Noreg som er lengst framme når det gjeld munnleg historie særskilt og immateriell kulturarv generelt.

Underkategoriar i dette kapitelet  (forsking, samlingsforvalting, formidling, fornying, herunder planar for avhending av gjenstandar, digitalisering av samlingar, mot publikum m.v.)

  • Forsking: Det er påfallande at det (oss bekjent) hittil ikkje har vore eitt einaste forskingsprosjekt i Noreg som har handla eksplisitt om munnleg historie eller andre delar av immateriell kultur. Eit senter for munnleg historie vil kunne styrkast ytterlegare (både kompetansemessig og økonomisk) ved å inkludere eit og etter kvart fleire  offentlege PhD-prosjekt om tema som eksempelvis folkeleg forteljartradisjon i Bergen, immaterielle industriminne eller munnleg historie om migrasjon og integrering.
  • Samlingsforvaltning:  På nyåret 2021 startar oppbygging av SAMLA kulturhistorisk arkiv i tilknytting til Universitetsbiblioteket i Bergen. I fyrste omgang vil det handle om felles digitalisering av dei analoge arkiva til Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk  gransking og Etno-folkloristisk arkiv ved UiB. Alt tyder på at neste trinn vil vere å opne for inntak av digitalt skapt materiale, fyrst og fremst munnleg historie. Det kan i sin tur bety at Noregs “munnlege riksarkiv” vil bli liggande i Bergen, med dei kompetanse- og infrastrukturmessige fordelane som det vil innebere.

Bergen kommune bør fylgje med i dette, fyrst og fremst gjennom å be både Byarkivet og eit senter for munnleg historie om å samarbeide med kvarandre og SAMLA om utvikling av ei god lokal arkivløysing for Bergens munnlege historie.

  • Digitalisering av samlingar: Hos private, i frivillige organisasjonar og i fleire musé finst det verdfulle samlingar av munnleg historie og anna immateriell kulturarv i form av lyd- og videoopptak på format som alt er ukurante og i ferd med å bli umoglege å vise. Det hastar med å sikre denne kulturarven gjennom å digitalisere, dokumentere og arkivere han. Bergen kommune bør stimulere til samarbeidsprosjekt for å få gjort dette i løpet av planperioden. Også dette ansvaret vil med stor fordel kunne leggast til eit senter for munnleg historie.
  • Formidling / turismefokus: Fleire av musea i Bergen har utvikla kartbaserte formidlingsprosjekt, der publikum kan gå rundt i byen og få informasjon om lokal historie på mobiltelefonen (f.eks Maritim byvandring og  Sølvskatten). I løpet av 2020 har Memoar, Amatørkulturrådet og ei rekke historielag starta prosjektet Bydelene forteller der ein idé frå Irland (Cork memory map) er omsett til lokal form. Med ei styrka satsing på munnleg historie og immateriell kultur, vil samarbeid mellom musea og det frivillige kulturvernet om digitale vandringsruter kunne skapa ein heilt spesiell formidlingssjanger i Bergen. Ikkje minst vil det kunne bli interessant for tilreisande, som på den måten ville få tilgang til skattar av immateriell lokalkultur. Koordineringa av slike formidlingsprosjekt vil også kunne leggast til eit senter for munnleg historie.

Delkapittel 2)

Dei frivillige kulturvernorganisasjonane i kommunen.

a) Det frivillige feltet si samfunnsrolle og -ansvar

Her vil vi gjerne vise til den prinsipielle innleiinga til dette notatet, og gjenta nokre hovudpunkt:

b) Mangfald og auka deltaking:

Problemet med “forgubbing” av frivillige kulturvernorganisasjonar har fellestrekk med musé som opplever at gjenstandssamlingar blir irrelevante: Frivillige og publikum som er 60+ delar ein immateriell kulturarv som yngre personar ofte er framande for.

Eit tiltak er sjølvsagt å setje i gang aktivitetar og prosjekt som fokuserer fenomen på 1990-talet eller 2000-talet eller endå seinare, for å nå nye grupper som ubevisst delar immateriell arv.

Ein annan – og truleg meir berekraftig strategi – er å stimulere også dei frivillige kulturvernorganisasjonane til å arbeide meir med immateriell arv og kultur. Organisert arbeid med munnleg historie er både det enklaste å setje i gang og det mest produktive når det gjeld å skape varige verdiar.

Bergen kommune bør stimulere prosjekt som engasjerer mangfald av frivillige i:

Koordinering av frivillige ressursar  til slike prosjekt kan også med fordel leggast til eit senter for munnleg historie. 

Underkategoriar i dette kapittelet:

  • Samlingsforvalting og -utvikling / Kulturhistoriske samlingar i frivillige si eige

Ei erfaring som blir delt på tvers av sektorar som arbeider med immateriell kulturarv, er utfordringar knytt til samlingar. Memoar har, som eit døme, etter kvart samla ein stor mengde med videointervju som i dag er lagra i betalt nettsky (dropbox). Dette er ei midlertidig løysing, fordi ho gjer at norsk kulturhistorisk materiale er lagra på serverar i andre land, og fordi ho er avhengig av å bli betalt for av ein rett nok handlekraftig, men også sårbar organisasjon med nokre svært få nøkkelpersonar.

Digitalisering: Behovet for samordning av lagring av lyd og bildemateriale er stort, noko som også gjeld mange privatpersonar, lokalhistorielag og andre lag og foreiningar. Kassettar, lyd- og videoband i ukurante format ligg på loft, i skuffer og kjellarar, og står i fare for å bli øydelagt av alder eller kasta ved arveoppgjer.

Nyinnsamling ser vi på som heilt sentralt. Dette både for å få inkludert grupper og tematikkar som ikkje allereie finst samla inn, og for å kunne ta opp att tematikkar som tidlegare har blitt undersøkt for å få ei forståing av endring over tid. Dette har eit demokratiserande aspekt ved seg, gjennom at det til einkvar tid vil vere menneske som i mindre grad enn andre har påverka den offentlege forteljinga om landet/gruppa/tematikken, gjennom det offentlege ordskiftet eller på andre vis.

Avlevering: Kulturarv høyrer heime i offentleg arkiv, bibliotek eller museum. Men i dag kan ikkje innbyggarar i Bergen avlevere immateriell kulturarv i form av munnleg kjeldemateriale på lyd- eller videoopptak. Dette bør rettast i løpet av planperioden.

Heller ikkje på nasjonalt plan finst noko «munnleg riksarkiv» der det kan finnast oversyn over kva som finst, kva som kan vere tilgjengeleg for forskingsføremål eller kva for felt, tematikkar eller grupper som manglar i den samla mengda av kulturhistorisk materiale. Som tidlegare nevnt, er det prosessar på gang som på sikt kan vere med på å løyse nokre av desse problema:

  • Nasjonalbiblioteket arbeider med digitalisering av audiovisuell kulturarv (www.abmdig.no), og Memoar har initiert ein diskusjon om å utvide dette prosjektet til også å omfatte dokumentert munnleg kjeldemateriale.
    • Prosjektet SAMLA basert ved Universitetet i Bergen, inngår i Forskingsrådet sitt Infrastruktur-program og fokuserer særskilt på kulturhistorisk materiale i større kulturhistoriske arkiv – i fyrste rekke Norsk etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum, Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo, og Etnofolkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen. Memoar har initiert ein diskusjon om å utvide dette prosjektet med digitalt skapt materiale i form av dokumentert munnleg historie når digitalisering av tekst/papirbasert materiale i dei nevnte samlingane er gjennomført.
    • Gjennom dette notatet initierer vi også ein diskusjon om å styrke Bergen Byarkiv eller ArkiVest med infrastruktur og kompetanse som vil gjere det mogleg for både frivillige og institusjonar å avlevere munnleg kjeldemateriale av lokalhistorisk verdi.
  • Formidling av immateriell kulturarv

Viktige funksjonar i den strukturen som dannar seg på nasjonalt plan, er lokalisert i Bergen. Det opnar heilt spesielle moglegheiter for lokalt utviklingsarbeid i den komande tiårsperioden. Nokre døme på dette:

  • SAMLA, nevnt over, skal utvikle søkefunksjon på tvers av alle inkluderte arkiv. På sikt skal søkefunksjonen også knyttast til liknande materiale i Norden, Europa og verda (- eit eksempel er ISEBEL som viser legender frå fleire land). Å utvikle ei lokal grein i nært kompetansesamarbeid med SAMLA vil kunne synleggjere den immaterielle og munnlege Bergenshistoria som ein del av verdsarven langt tidlegare enn om vi skal «vente på tur».
    • Når det blir råd å sjå samlingar i samanheng, kan det opne for nye forståingar av sosiale og kulturelle fenomen. Forsking og utstillingsarbeid er sjølvklare kategoriar der ein slik sentral funksjon kan vere til nytte.
    • Det gjer det også enklare å opne for bruk av materialet som råmateriale i samanhengar som forteljekunst, spelutvikling, film/teater og skjønnlitteratur.
    • Skuleelevar vil kunne nytte materialet i skuleoppgåver, for slik å få ei auka forståing for eiga samtid, nære og gjerne fjerne fortid. Det same gjeld utviklarar av undervisningsmateriell
    • Ulike former for handverk kan inkludere forteljingar i dokumentasjonsarbeidet, ikkje berre det handverksmessige. Forteljingar om båten, båtbyggaren og båtbrukaren kan slik sjåast i samanheng med objektet båt.

Bergen Kommune bør oppmode til og støtte utvikling av ei lokal grein av den nasjonale infrastrukturen som veks fram. Dette bør vere eit interessant samarbeidsprosjekt for musé, bibliotek, arkiv, universitet, høgskule og frivillig kulturvern i Bergen. Også dette vil kunne koordinerast av eit senter for munnleg historie.

  • “Eg skulle ha skrive ned forteljingane hennar før det var for seint”, er det mange som har tenkt og sagt. Ein slik infrastruktur kunne gjere det enklare å intervjue besteforeldre, onklar, tanter, naboar og andre med interessante historier å dele.
    • Desse forteljingane ville ikkje berre betydd noko lokalt for nabolaget eller næraste slekt, men kunne bli ein del av det regionale og nasjonale (og internasjonale) minnet.
  • Kompetanseoverføring og dokumentasjon

Vi registrerar ei raskt aukande interesse for innsamling av munnleg historie, både i musé, frivillige organisasjonar, bedrifter som har jubileum, skular, innanfor forskingsprosjekt på universitet og høgskular og andre. Mange har mykje kunnskap og erfaring, men dette gjeld ikkje alle. Memoar har i løpet av si korte historie endra seg frå å vere ein organisasjon som fyrst og fremst samlar inn munnleg historie, til eit ressurssenter som fyrst og fremst hjelper andre med å kome i gang.

  • Nokre ynskjer hjelp til sjølvhjelp og kursing om intervjuopptak, dokumentasjon, redigering, avlevering og/eller formidling av munnleg kulturarv.
    • Andre ynskjer «berre» å dele infrastruktur for mellomlagring, redigering og avlevering til offentleg arkiv eller museum.
    • Nokre ber om hjelp til å finne profesjonelle som kan gjere arbeidet, som til dømes bedrifter som ynskjer å samle kjeldemateriale til si eiga historie.
    • Mens «alle» ynskjer kunnskaps- og erfaringsdeling gjennom å høyre om andres prosjekt og ppleve andres formidling. Dette har vore hovudinnhaldet på tre nasjonale Memoarkonferansar til nå.

Per i dag har Memoar profesjonelle ressursar til å gjennomføre dette, gjennom det treårige prosjektet «Munnleg historie for alle». Men dei ressursane skal brukast over heile landet – og når prosjektperioden går ut i juli 2022 er dei slutt. Det vil styrke det frivillige kulturvernet i Bergen dersom slik kompetanseoverføring blir profesjonalisert og forankra – for eksempel i eit permanent senter for munnleg historie.

Vi utdjupar veldig gjerne dette innspelet vidare.

For Memoar og Munnleg historie for alle

Bjørn Enes og Line Grønstad

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.