3/7-15: Memoar søkjer støtte til studio

Ein viktig del av  forarbeidet til stifting av Memoar har vore diskusjonar med Bergen Bibliotek om etablering av eit fyrste intervjustudio for innbyggarar i Bergen.
Biblioteket  har vist seg å vere positivt interessert i dette, og vil kunne bruke lokalet og eindel utstyr som alt finst som ein del av Digital verkstad / Studio 1 .
Men det trengst meir for at eit intervjustudio skal bli akseptabelt.
Etter diskusjonar med dei ansvarlege for Studio 1 har e i fellesskap sett opp dette budsjettet for kva som må gjerast:

Lydabsorberande plater kr 5 000,00
Studiobakgrunn kr 2 500,00
Studiolys kr 6 500,00
Nye mikrofonar – 2 myggar kr 2 800,00
Eksisterande mikrofonar,stativ og kablar, lydmixar og
datamaskin med enkelt redigeringsprogram i Studio 1 kr 0,00
Kamera (f.eks. Zoom Q8 Handy VR) kr 6 000,00
kamerastativ og kabler kr 1 000,00
uforutsett kr 1 000,00
Arbeidsinnsats – Biblioteket (adm.,vaktm., musikkavd) kr 5 000,00
Arbeidsinnsats Memoar (Prøveproduksjonar, adm.profilering) kr 5 000,00
Kjøpt annonseplass i sosiale mdia kr 200,00
Prosjektkostnad i alt: kr 35 000,00

Av desse er både Biblioteket og Memoar innstilte på å legge inn arbeidsinnsats utan vederlag. Biblioteket vil også kunne bruke litt midler på eige budsjett – men det trengst eit tilskot på kr 20.000,- for å få eit brukbart studio på plass.

3. juli søkte Memoar om tilskot frå Bergen Kommune til dei manglande pengene. Søknaden er sendt til ordninga «Tilskudd til museer, historie og kystkultur».

(Søknaden finn du her)

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.