Vi arbeider med:
- Innsamling og dokumentasjon: Intervjuopptak og logging av innhaldet, normalt i samband med eit innsamlingsprosjekt der vi samarbeider med andre organisasjonar eller institusjonar.
- Infrastruktur: Vi driftar ei «pakke» av skybasert programvare for arkivering, redigering og publisering av video, lyd og foto/tekst. Samtidig deltar vi i utviklinga av www.minner.no til eit felles innsamlings- og publiseringsverktøy for frivillige organisxasjonar og abm-institusjonar.
- Formidling: Munnleg historie er ein viktig del av vår immaterielle kulturarv. Vi samarbeider om formidling gjennom eigne og samarbeidspartnarane sine nettsider, sosiale media, massemedia og publikumsarrangement.
- Fagutvikling: Og vi arbeider for kompetanse- og fagutvikling på feltet munnleg historie, mellom anna gjennom å arrangera Memoarkonferansen og ei lang rekke kurs.
- Munnleg historie for alle (mha.memoar.no) er vårt hovudprosjekt frå august 2019 til og med juli 2022. Der samarbeider vi med Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk, historielag, andre frivillige organisasjonar og musé / bibliotek / lokalarkiv over heile landet.
- Senter for munnleg historie: Vi arbeider for å styrke samarbeidet mellom akademia, abm-sektor og frivillige organisasjonar gjennom å utvikla eit senter for munnelg historie (oral history) i Noreg.
Vi vil svært gjerne at interesserte skal bli medlemmer hos oss. Det er fullt mogleg å vera medlem hos oss, for å markera støtte til vårt arbeid, samtidig som ein gjer det meste av sitt frivillige arbeid gjennom «vanlege» historielag eller andre kulturvernorganisasjonar. Innmelding gjennom Memoar.ticketco.no

Frå v: Margit Steinshamn, Kjellaug Meisingset, Tora Meisingset, Bjørg Wolden og Marie Saglie.
Sider: 1 2