Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie

Vi arbeider med:

  • Innsamling og dokumentasjon: Intervjuopptak og logging av innhaldet, normalt i samband med eit innsamlingsprosjekt der vi samarbeider med andre organisasjonar eller institusjonar.
  • Infrastruktur: Vi driftar ei «pakke» av skybasert programvare for arkivering, redigering og publisering av video, lyd og foto/tekst. Samtidig deltar vi i utviklinga av www.minner.no til eit felles innsamlings- og publiseringsverktøy for frivillige organisxasjonar og abm-institusjonar.
  • Formidling: Munnleg historie er ein viktig del av vår immaterielle kulturarv. Vi samarbeider om formidling gjennom eigne og samarbeidspartnarane sine nettsider, sosiale media, massemedia og publikumsarrangement.
  • Fagutvikling: Og vi arbeider for kompetanse- og fagutvikling på feltet munnleg historie, mellom anna gjennom å arrangera Memoarkonferansen og ei lang rekke kurs.
  • Munnleg historie for alle (mha.memoar.no) er vårt hovudprosjekt frå august 2019 til og med juli 2022. Der samarbeider vi med Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk, historielag, andre frivillige organisasjonar og musé / bibliotek / lokalarkiv over heile landet.
  • Senter for munnleg historie: Vi arbeider for å styrke samarbeidet mellom akademia, abm-sektor og frivillige organisasjonar gjennom å utvikla eit senter for munnelg historie (oral history) i Noreg.

Vi vil svært gjerne at interesserte skal bli medlemmer hos oss. Det er fullt mogleg å vera medlem hos oss, for å markera støtte til vårt arbeid, samtidig som ein gjer det meste av sitt frivillige arbeid gjennom «vanlege» historielag eller andre kulturvernorganisasjonar. Innmelding gjennom Memoar.ticketco.no

Frå forteljarpanel i Tingvoll Museum, mai 2019.
Frå v: Margit Steinshamn, Kjellaug Meisingset, Tora Meisingset, Bjørg Wolden og Marie Saglie.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.